Terningkast 6: JOSH T. PEARSON

Artikkelen er over 8 år gammel

”Last of The Country Gentlemen”

DEL

Her er eit ubeskrive blad som eigentleg har helde på lenge. Han har berre ikkje gitt ut noko særleg mykje plater. Han starta opp Lift to Experience i 1996. Og brukte fem år på å få ut debutplata ”The Texas-Jerusalem Crossroads”. For så å oppløyse bandet kort tid etter. Og no 10 år seinare er det på tide å debutere som soloartist med eit heilt album. Han har hatt hatt ute nokre singlar. Men det i sånne opplag og utbreiing at ein måtte være over gjennomsnittet interessert for å få dei med seg.

Så det er ei etterlengta plate vi no sit her med. Og då er det kanskje lett å føle seg snytt når ein ser at plata berre har sju låtar. Men med ei total speletid på over 50 minutt, får vi så vi er nøgde. Og vel så det.

Plata blei spelt inn i Berlin i løpet av to netter i fjor. Og blei beskriven av plateselskapet som ei samling episke countryballader. No høyrer eg ikkje så mykje country her, men episk det er det. Sjølv om det vi får levert stort sett er vokalen til Pearson og ein akustisk gitar. Med enkelte pålegg av strykarar undervegs. Det er med andre ord ingenting som står i vegen og skuggar for låtane og styrken i dei.

Det byrjar heilt nakent med ”Thou Art Loosed”. Der han høyrast ut som ein akustisk Jeff Buckley. Og bygger opp eit stort lydbilete sjølv om hjelpemidla er få. I overkant av tre minutt snakkar vi om ein av dei kortaste låtane på plata. ”Sweeheart I Ain’t Your Christ” er i så måte nesten fire gongar lengre. Og det er no eg får kjensla av å være på ei førestelling. Det er no det går over frå å være låtar til å bli hendingar. Framleis med det nakne uttrykket og Pearson si kjenslesterke stemme. Som framleis kan minne om Jeff Buckley. Men også Will Sheff frå Okkervil River. På denne låten siterer han også frå Simon & Garfunkel sin ”Sound Of Silence” (”Hello darkness my old friend”). Ganske passande, det er ikkje så mykje lys i tekstane til Pearson. Litt kvikkare og vitalt er det på ”Woman, I’ve Raised H|ell”. Men alt er jo relativt. Men det er uansett første låten med innslag av strykarar. Og om ikkje tungsinnet har vore nydeleg før på plata, så skrur han det opp eit hakk her. Det blir bortimot bombastisk på ein særs stillferdig måte. Og igjen syng han heilt fantastisk. ”Honeymoon’s Great! I wish You Were Her” kunne tyde på ein humoristisk låt. Men det er nok ikkje noko anna enn ein kar som har oppdaga at han er forelska. I ei som ikkje er kona han nettopp har gifta seg med. Lyden av eit ekteskap som går til helvete allereie før det er begynt. ”I’m in love with another woman, please don’t tell my wife.” Framleis heilt nydeleg levert med vokal, akustisk gitar og strykarar. Og sakte, sakte. Han aukar tempoet litt på ”Sorry With A Song”. Utan å gjere det. Om eg ikkje trudde det kunne bli mørkare, så tok eg feil. Einsemd forårsaka av alkohol og frykten for å spørje. Alt unnskyldt gjennom denne låten på nesten 11 minuttar. ”Country Dumb” er ikkje mykje kortare. Der han fortel at han treng ikkje framstå som eit gudsord frå landsbygda sjølv om han er ein drøymar. Nok ein gong med strykarar og nydeleg melodi. Til slutt ber han om hjelp til å få dama som gjer han galen ut av hovudet. På ”Drive Her Out”, platas kortaste låt, får vi tillegg til det sparsommelege lydbiletet eit på denne plata stort korarrangement. Ei episk avslutting på ei episk plate. Som kan vere litt tung å komme inn i.

Men tru meg, det er verdt det.

Ei plate så stor og stillferdig at ho skrik mot deg.

Ei plate så stor og stillferdig at ho skrik mot deg.

Artikkeltags