Terningkast 5: JOEY KNEISER

Artikkelen er over 6 år gammel

”Moonlight For The Graveyard Heart”

DEL

Vokalist og låtskrivar i det fantastiske bandet Glossary klarte å snike ut sitt andre soloalbum på tampen av året. Foreløpig berre digitalt, men This Is American Music har blitt meir fysiske i det siste. Så sjansen for at det dukkar opp ei plate er til stades.

Men det er no uansett musikken som er det viktigaste.

Dette er Kneiser si andre soloplate. Den første, ” The All-Night Bedroom Revival”, kom i 2010. Og Kneiser er jo sjølvsagt mest kjent som medlem av det fantastiske Murfreesboro-bandet Glossary. Med sju album på samvitet.

Men her er Kneiser aleine på alle måtar. Til liks med den førre plata trakterar han absolutt alle instrumenta sjølv. Og det er faktisk vanskeleg å høyre. Ein skulle tru at han tidvis hadde eit band i ryggen. Men han har gjort alt sjølv i heimestudioet sitt. Og det har eg eigentleg ikkje problem med å høyre. Men særs bra er det uansett.

Meininga var at plata skulle ut til neste år. Men i byrjinga på førre veke ringde han plateselskapet og gav beskjed at plata var ferdig. Den mangla berre mastring. Så no etter ei veke er plata ute.

I den grad Glossary på dei siste platene har vore lyse og optimistiske, har Kneiser her vald å være mørkare ”utan å bli makaber”. I følgje han sjølv.

Same det, fint har det uansett blitt.

No er det stemma til Kneiser som er noko av grunnen til at Glossary er så stort for meg. Så sånn sett kan ein seie at dette liknar på Glossary. Men som nemnt over, med ein litt mørkare stemning. Og meir mot soul og meir bruk av piano og andre keyboards.

Opnaren "So Many Midnights Ago" byr på akustisk gitar med forsiktig oppbygging med hjelp av syntetiske strykarar. For så å lette etter ca tre minutt. Med meir strykarar, trommer og fleire gitarar. Og Kneiser i storform bak mikrofonen. "Born With A Black Eye" vartar opp med sørstatssoul med piano og orgel. Igjen med nydeleg vokal. Meir sørstatssoul får vi på ”St. Christopher”. Denne gongen i det litt funky hjørnet. ”Goodbye Iris” kan lettast karakteriserast som Elton John i sørstatsmodus. Og einaste låten med bruk av elektroniske effektar, men forsiktig brukt. Same bruken av piano avsluttar denne fine EPen på ”Dark Creek Bridge”. Med eit rivande munnspel mot slutten.

Alt i alt ei sterk utgjeving, og eit glimrande mellomspel i karrieren til Glossary.

Kjøp plata her: JOEY KNEISER ”Moonlight For The Graveyard Heart”

Sjekk ut Glossary her: Glossary at Bandcamp

Kneiser si første plate her: (Gratis) Joey Kneiser - All-night Bedroom Revival

Artikkeltags