Terningkast 6: JIMMER

"The Would-Be Plans"

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Tida har gått, det er 23 år sidan ”Chance” med The Rave-Ups kom. Men eg har aldri nokosinne gløymt den eller "Town and Country" frå 1985, og "The Book of Your Regrets" frå 1988. Det er plater som tåler godt å bli plukka fram att. Trass i tida som er gått. Og når no vokalist og låtskrivar Jimmer Podrasky omsider finn tida moden for ei soloplate, høyrest det ut som om tida har stått stille.

The Rave-Ups var eit fantastisk band. Like deler pop/power-pop, roots-rock, alternativ rock, alt-country (lenge før alt-country/No Depression/Americana-merkelapene eksisterte) og singer/songwriter-låtar. Og Podrasky har tatt alt dette med seg. Til å hjelpe seg på plata si har han fått med seg Mitch Marine og Brian Whelan frå bandet til Dwight Yoakam. Sistnemnde ga ut ei flott powerpopsoloplate i fjor, Rami Jaffee (The Wallflowers, Grant Lee Buffalo, Willie Nile, Foo Fighters og Pete Yorn), Ted Russell Kamp (Shooter Jennings og soloartist) og pedal-steel legenda Marty Rifkin (Mellom anna Bruce Springsteen og Tom Petty).

Og han er sanneleg ikkje vanskeleg å kjenne igjen når han køyrer i gong med "The Far Left Side of You". For anledninga med eit flott munnspel i innleiinga. Og eit nyanserikt lydbilete med mykje gitarar. Akustiske og elektriske. Endå meir munnspel og Podrasky si karakteristiske stemme. "Empty" beheld gitarane, men brukar orgel som hovudkrydder i staden for munnspel. Fantastisk flott halvtempo poprock. Han svingar litt på "Big Ball of String". Rask, fin spretten countryfolk. Igjen med munnspelet på plass. "The Would-Be Plans" er litt meir tyngre og monumental. Lågare tempo, brusande orgel. Tunge gitarar. Strykarar og høg nynnefaktor på "She Has Good Records". 70-talsinspirert folkrock. Med glimrande bruk av strykarar. Ein låt som får meg i godt humør. "Satellite" held meg i det gode humøret, medan vi køyrer ut i hjartelandet til lyden av munnspel og pedal-steel. Eigentleg heilt fantastisk. Mykje fin koring. Han senkar tempoet på "Molotov Moon". Ei halvballade med orgel og pedal-steel i nydeleg samspel. Og eg sit her og har problem med å fatte kor bra dette er. "Just What You Don't" roar det endå litt ned. Og legg endå ein dimensjon til plata som minner meg om Dylan. Men eg fattar no kor bra dette er, eg er ikkje dum heller. Eller? Han aukar ikkje tempoet noko særleg på "With This Ring". Men legg til meksikansklydande akustisk gitar og trekkspel. Og gir med det plata nok ein dimensjon. ”Fall” avsluttar plata og sluttar sirkelen. Her er vi i lyden attende til "Town and Country" frå 1985. Hardare. Meir rock. Mindre nyanser. Eg blir påminna kor mykje eg elska og framleis elskar dette bandet.

Og når Podrasky endeleg klarte å køyre i gong karrieren att, så legg han ein fjerde byggestein oppå sin etter kvart fantastisk flotte portofolio. No håpar eg at han finn dette så vellukka at han fortset å gi ut plater.

Kjøp CD og LP

Bandcamp

Artikkeltags