Det er så alt for sjeldan, dessverre, at eg oppdagar artistar og plater som eg burde ha oppdaga for lenge sia.

Men det er greitt, han gjorde det vel ikkje så lett for seg sjølv eller andre. Etter å ha gitt ut plata "Harlan County" i 1969 og ein del singlar så forsvann han berre utan å gjere noko meir vesen av seg.

Når då plata har vore vanskeleg å oppdrive, både på vinyl og CD, så har legenda vekse. Eg hadde hørt om mannen før; mellom anna Nick Lowe, Aretha Franklin og The Temptations har spilt inn nokre av låtane hans, men eg har aldri høyrt plateartisten Jim Ford tidlegare.

Men etter å ha høyrt denne plata så skjønar eg kvifor Nick Lowe kallar han si største musikalske innflytelse. Dette er faktisk heilt glimrande!

Om ein skal samanlikne med andre artistar blir det Tony Joe White og sein 60-tals Elvis, ein brennande miks av country, soul og gospel.

Og då er det berre å takke det tyske plateselskapet Bear Family, journalisten L-P Andersson og det svenske magasinet Sonic http://sonicmagazine.com for å ha sporet opp mannen og gjort denne plata tilgjengeleg igjen. Med ikkje mindre 15 ekstra spor i forhold til originalen. At lydkvaliten ikkje er like god på alle tilleggsspora speler inga rolle. Dette er klassisk materiale uansett.