Terningkast 6: JASON ISBELL AND THE 400 UNIT

Artikkelen er over 8 år gammel

”Here We Rest”

DEL

Alabama-fødde Isbell returnerar med si tredje studioplate. Som har vore etterlengta sidan hans førre (eg ventar allereie på den neste). Og til liks med den sjølvtitulerte plata frå 2009, er denne ei av årets beste. (OK, vi er berre i april enno. Men enkelte ting i framtida kan ein spå utan å vere synsk.)

Bandet som er oppkalla etter ei psykiatrisk avdeling på eit sjukehus i heimstaten deira, leverer som vanleg varene utan å nokon måte å verke hemma av noko som helst. Denne gongen med ein endå større variasjon.

”Alabama Pines” opnar plata med akustisk gitar og fele. Før resten av bandet kjem inn og fyllar opp hovudet mitt med ein nydeleg halvtempo countrylåt. Der Isbell syng heilt nydeleg. Sjeldan opplever ein at appetitten vert vekt på ein sånn måte. Med ein tekst som osar av einsemd og likesæle. Kva er vitsen med eit namn når ingen snakkar til deg lengre og brukar det? Om det er ein trist låt evnar refrenget å framkalle gåsehud. Av di det er heilt nydeleg. Kvar gong. Same tema i teksten finn vi i ”Go it Alone”. Ein låt med litt råare innpakking. Som ligg i stilen frå førre plata. Elektriske gitarar og brusande orgel. Og endå ein gong eit gåsehudframkallande refreng. ”We’ve Met” tek i bruk slidegitar som sentralt instrument. Ein countryblues-låt som slentrar av stad. Tekstmessig igjen om einsemd og oppbrot. Ting som Isbell ikkje likar finn vi ut av på countrylåten ”Codeine”. Og ein person som går gjennom hjartesorg og utruskap. Med platas nydelegaste melodi og refreng. Ein av årets beste låtar uansett sjanger. ”Stopping By” er meir ”typisk” Isbell som vi kjennar han frå dei første platene. God stødig streit rock. Med nok ein melodi og refreng av ein kvalitet høgt der oppe. Og ein tekst der han tenkjer på fortida og faren. Lyrikk av høg kvalitet. Som på resten av plata. Singer/songwriteren Isbell materialiserer seg på ”Daisy Mae”. Heilt neddempa berre akkompagnert av ein akustisk gitar. Eit sjangerskifte, men same høge kvaliteten i låten. Og noko som på overflata verkar som ein kjærleikstekst. Men med motstridande kjensler under.

”Never Could Believe” tek turen til Tennessee i form av ein svingande sørstats-rhythm and blueslåt. Ein låt som sørgjar for variasjon. Med ein tekst om dama som stakk, endå ho lovde å bli for alltid. Endå større variasjon blir det i form av soullåten ”Heart On A String”. Ein coverversjon, originalen blei laga på byrjinga av 70-talet. Og opphavleg innspelt i same studioet som ”Here We Rest”. Fame Studioet i Muscle Shoals, Alabama. Ein stor låt som viser at Jason taklar soul utan problem. ”Save It For Sunday” roar det heile ned. Ei fin ballade med Isbell i det ettertenksame hjørnet. Livet passerer, elskar ho meg? Elskar ho meg ikkje? Avsluttinga ”Tour Of Duty” er ein fin spretten countrylåt. Nesten bluegrass. Der han fortel kor godt det er å komme heim frå turne og oppleve kvardagslivet. Ein lys låt som finn Isbell i det lyse optimistiske hjørnet for ein gong skuld. Akkurat det siste er jo litt utypisk for begge han og dei tidlegare kollegaene Drive-By Truckers. Og akkurat det er nok noko av grunnen til at eg likar desse Alabama-artistane så godt. Deira evne til å formidle at livet ikkje alltid er ein dans på roser. Utført på ein sånn måte at det tidvis blir nydeleg. Sjølv om det dei syng skulle tyde på noko heilt anna.

Det er berre rett og slett genialt.

PS. Det einaste ankepunktet eg hadde mot plata var at ho var for kort. Men vinylutgåva av plata bøtte på det. Her følgde det med ein sjutommar med to låtar til. ”Brand New Stone” som av alle ting kan minne om Pearl Jam (Gudbedre!). Men like viktig som resten av plata. Og ”Everywhere With Helicopter” også tilgjengeleg på hyllestplata til Guided By Voices ”Sing For Your Meat”.

Og til liks med den sjølvtitulerte plata frå 2009, er denne ei av årets beste. (OK, vi er berre i april enno. Men enkelte ting i framtida kan ein spå utan å vere synsk.)

Artikkeltags