Terningkast 6: JAPANDROIDS

Artikkelen er over 6 år gammel

”Celebration Rock”

DEL

Etter å ha høyrt gjennom en del shait, er det godt å kunne sette på duoen frå Canada. Som set skapet på plass att. Dei veltar det over deg. Og står og hoppar oppå det. Til du ber om nåde. Du altså, ikkje eg. Eg får aldri nok.

Når det gjeld musikk, er eg i mange tilfelle masochist. Dette er eit av dei. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har høyrt denne plata, men den er like forbanna forfriskande kvar gong.

"The Nights Of Wine And Roses" byrjar litt famlande. Det høyrest ut som dei set opp utstyret sitt. Og køyrer i gong. Dei ser seg aldri attende. Ei hylling til det usunne livet. Til lyden av det snøskredet tullingen som valde å køyre utanfor dei oppmerkte løypane, plutselig fekk i ryggen. Med melodi. Denne plata dukka opp samstundes med badesaltkannibalsaka i Miami i mai i år. Då var det eit klokt hovud på eit musikkforum på nettet som meinte at dette bandet ”eats face”. Kanskje å trekke det litt langt. Eg kan ikkje påstå at denne plata et andletet mitt. Men den gjer noko med meg, "Fire's Highway" er ein Gun Club-låt. Som eg ikkje har høyrt tidlegare. Men Japandroids er også heilt suverene når spelar coverlåtar. Trudde i byrjinga, grunna introen, at ”Evil's Sway” skulle roe tempoet på plata. Der tok eg feil. "For The Love Of Ivy" er kanskje ei kjærleikserklæring til Poison Ivy Rorschach i The Cramps. Musikken kan tyde på det. Det læt som The Cramps i 180. Men teksten er vanskeleg å få med seg av di vokalist Brian King ligg i det uartikulerte hjørnet. Vokalen er litt tydelegare på ”Adrenaline Nightshift”. Utan at eg er klokare av den grunn. Men herleg er det. "Younger Us"

var første singelen frå plata. Ikkje akkurat ein hitsingel for massane. Dei snur nok og spurtar motsett veg. Sjølvsagt. Men ikkje desto mindre, dei fløymer over meg. Det er berre å la seg flyte med. Platas høgdepunkt, i den grad eg klarar å plukke ut eit, er "The House That Heaven Built". Den andre singelen frå plata. Med ein brøkdels kvassare melodi. Utan forkleining for resten av plata. ”Continuous Thunder” avsluttar plata, og minnar meg om ei tung utgåve av skottane Frightened Rabitt. Og er like glimrande som resten av plata. Fordi det er det den er. Eg har aldri tidlegare høyrt ei så brutal innpakking av poplåtar. Hadde dei roa uttrykket litt kunne dei kanskje blitt litt meir populære. Utan at eg trur dei bryr seg. Tenk deg The Hold Steady med høgare tempo, null keyboards, ingen bassgitar og ein rabiat vokalist i staden for Craig Finn. Då nærmar vi oss.

PS. Denne plata må jo være glimrande til å tømme eit lokale med.

Artikkeltags