Terningkast 5: JACK STILLWATER

Artikkelen er over 7 år gammel

”Muddy River”

DEL

Jack Stillwater er ikkje ein amerikansk person, mann. Men eit norsk band som no er ute med sin andre plate. Ei ganske så solid ei.

Bandet spelar alt.country av det solide slaget. Det er låtar her som er så solide at dei berre slår deg i bakken.

Det opnar fint og lettbeint med ”October”. Ein fin elektrisk uptempo countrylåt. ”Hungry John” byrjar litt rolegare. Men tek seg opp att etterkvart. Fela og den akustiske gitaren får tyngre følgje på vegen. Med eit ekko av Madrugada sin ”Majesty” opnar ”Cross The Muddy Diver”. På mange måtar like nydeleg og intens. Berre annaleis. Med ein nydeleg steelgitar som berande element. ”Sinner” går litt tyngre til verks. Tyngre og litt raskare. Rett inn i det amerikanske hjartelandet køyrer ”Urban Minority”. Ein låt som ikkje ville gjort seg bort på ei John Mellencamp-plate for 25 år sidan. ”Leavin Train” gir deg kjensla av eit tog som forsvinn i natta. Med ein tung, nydeleg gitar som berande element. Litt meir seig og malande er ”One Way Romance”. Med solid vokalinnsats frå Terje Espenes. Som elles syng veldig bra gjennom heile plata.”Then Her Eyes Go Black” er litt lysare og lettare i formen. Nok ein gong attende i hjartelandet til Petty og Mellencamp. Heilt ned tek bandet det på ”Ghost Rider”. Farten på låten i kvart fall. Den er elles rimeleg intens og malande. ”Long Way Home” som avsluttar denne fine plata forset det sedate tempoet. Litt lysare kanskje. Men Espenes syng inderleg og kjenslevart. På overflata lettare, men likevel sterkt og intenst.

Plata er nydeleg produsert av bandet saman med den etter kvart meritterte haldensaren Freddy Holm (Corazon, Henning Kvitnes, môra-Per, Cornflakes ). Som og bidreg med gitar, lap steel, banjo og koring.

Artikkeltags