Terningkast 6: It's time to kick ass and chew bubblegum!

The Yum Yums "...Whatever Rhymes With Baby"

The Yum Yums "...Whatever Rhymes With Baby"

Artikkelen er over 9 år gammel

THE YUM YUMS, THE TWISTAROOS, CAROLINE AND THE TREATS

DEL

THE YUM YUMS

" ... Whatever Rhymes With Baby"

Mannen med ein uttalt mollakkordallergi er like greitt involvert i tre plateutgjevingar same veka, alle gitt ut på deira nystarta plateselskap House Of Rock Records.

Mannen eg snakkar om er sjølvsagt mossingen Morten Henriksen, med tre band gåande simultant kjem han inn på lista over dei som sannsynlegvis har lite tid til søvn.

Plata til The Yum Yums kom først ut i 2008 i USA og Spania, den opphavlege meldinga på denne plata finn du her og karakteren på den står fast. Men dei har gjort nokre modifiseringar på ho når no kjem ut i Noreg. Dei to konsertopptaka som låg på slutten av plata er tatt vekk, fire av låtane er spilt inn på nytt og heile plata er miksa om att (Henriksen var ikkje heilt nøgd med lyden på den første utgåva.) Framleis ei klassisk utgjeving.

THE TWISTAROOS

"Twisted!"

Plate nummer to frå House Of Rock Records har i tillegg til Henriksen Vibeke Saugestad i hovudrolla, ho tar seg av hovudvokalen på 10 av dei 14 låtane her. Henriksen dei fire siste.

Og her er det reinspikka 50-tals Rock'n'roll og 60-tals garasjerock som gjeld, med ei blanding av originallåtar skriven i samarbeid av dei to nemnd over, og coverversjonar av det tidvis obskure slaget. Og originallåtane står ikkje attende for coverlåtane, dette er suverent heile vegen gjennom.

Opningslåten viser at alle oppegåande band skal ha sin egen dans, og "The Twistaroo" er nettopp dette. "Everybody's Gonna Get Some", "I Like It Like That", "Everybody Say Hey", "You Better Run" og "Baby Baby Baby" (platas beste tekst, det høyrast ut som Robert Gordon med eit av Henriksen sine første band, The Cosmic Dropouts, som backingband) er alle gode eksemplar på det gode originale låtmaterialet her.

Av coverversjonane er det "Tough Lover" kjend med Etta James, "(Let's Go) Where The Action Is" av Tommy Boyce (nok ein gong pur The Cosmic Droputs og sjølvaste The Fleshtones i koret. Eit band som elles ligg tjukt utanpå store delar av plata), "Chills & Fever" kjend med Tom Jones (med frøken Saugestad på orgel), "Animal Instinct" med Elvis Presley (skikkeleg mollstemning, har du slått deg Morten? og tverrfløytesolo?) og "I May Never Get To Heaven" med Wanda Jackson (platas ballade, igjen moll. (Kva som skjer her?) Og platas beste vokalprestasjon levert av Vibeke.) Det er det eg alltid har sagt, akkurat som at Kurt Nilsen ikkje har noko Elvis i seg i det heile tatt, så har Vibeke Saugestad mykje Wanda Jackson i seg.

Bandet består utanom Vibeke og Morten av André Dahlmann, bass (ute med eigen EP saman med The Dahlmanns) og Christian Frehley Jacobsen, trommer.

Denne plata er ein maktdemonstrasjon og oppvisning i reinspikka rock'n'roll som ikkje har utvikla seg sidan 50- og 60-talet, bare blitt foredla og forbetra. Takk for at sånne plater blir gitt ut i 2010 utan den sure eimen av nostalgi.

CAROLINE AND THE TREATS

"Bad All Over"

Fronta av ei etter sigande ex-pornostjerne med Morten Henriksen i bakgrunnen som gitarist, låtskrivar og produsent leverer dette bandet årets mest overraskande plate så langt. Legg til at "Make Out With You" er den beste nye låten eg har høyrt så langt i år. Med vokalisten sin bakgrunn kunne ein frykte at dette skulle bli sånt tull som Aylar og Lene Alexandra har varta opp med, ingen fare, her er kvalitet heile vegen gjennom i noko som cirka ein million gongar betre enn dei to før nemnde "artistane". Dette er nemleg heilt glimrande.

14 låtar i sjangeren som bandet karakteriserer som Bubblegum Rock'n'roll, tydeleg inspirert av Ramones, Ronettes, Rezillos, Sex Pistols, Blondie, Suzy Quatro og Elvis, er ikkje ein låt for mykje. Dette er ei plate Surferosa ville ha drepe for å kunne lage, dei har aldri vore i nærleiken.

Det byrjar forrykande med "Are You Ready", ein låt som minner både i oppbygnad, utføring og heilt ned til gitarsoloen på eit av glansnummera til bykollegaene Dollsquad sine glansnummer, "In The Heat Of The Night". (Slapp av du har ikkje høyrt den, den eksisterer berre i demoform og blei spilt inn for over 25 år sidan. Men det er ein av mine favorittlåtar.) "Toughen Up" kjørar vidare i same tempoet, kanskje litt meir stakkato men med same meloditeft. Som nemnd innleiingsvis elskar eg "Make Out With You" , låten der Henriksen på ein elegant måte lånar riffet frå The Ramones sin "The Return of Jackie And Judy" og inkorporerer det i låten på genialt vis. Litt over to minutt med pur magi! "Chocolate Ice Cream" er sjølvsagt ei lita nedtur på denne plata, men tempoet nedover her er høgt. Og det læt som klassisk The Ramones, det ville ikkje vore ein nedtur på andre plater. Neste låt tek plata i ei litt ny retning, på "Wine Me, Dine Me" er det boogiebubblegumrock som gjeld. Eit fint trekk som gir plata variasjon og dynamikk. "I Wanna Dance With You" minner meg i eit splitta sekund om "California Sun" av The Rivieras før den som ingenting dundrar vidare, ein fin punkete overgang til platas første av to coverversjonar. Cherry Vanilla si "The Punk" kom ut i 1977 og er som tittelen antydar punk, som Sex Pistols spilte det. Og låten høyrast nett like frisk ut i dag som for 33 år sidan. "Bad All Over", tittelkuttet, har platas mest sleazy tekst. Noko ein burde vente frå ei vokalist med før nemnde profesjon, eller? Den går i kvart fall sånn: "I'm not the kind of girl to you take home to your mother, I'm not the kinda girl you leave alone with your dad". Og ei låt med eit litt rolegare uttrykk som inkluderer kubjølle i trommekompet. Tempoet aukast igjen på "I'm Gonna Get That Boy", nok ein gong snakkar vi punk. Denne gongen ikkje ulikt The Rezillos. "It's Cool To Rock" er platas andre coverversjon, opphavleg gjort av The Accellerators, Eric "Roscoe" Ambel (The Del Lords, produsent for alt for mange band/artistar til å nemne her) sitt første band i 1977. Melodiøs amerikansk protopunk. Tempoet vert auka eit lite hakk på "Let's Do It", ingenting ting slår punk med du-du-koringar og Chuck Berry-riff. "Pick It Up" er litt meir avslappa i tempoet men vandrar ikkje så langt frå formelen på resten av plata, kanskje med eit hint av Blondie. Tempoet vert skrudd opp att på "Gimme Gimme Gimme", nok ein gong punk med Chuck Berry-riff og denne gongen eit hint av Glam. "Wow Wow Wee" avsluttar det heile og byrjar som ein Shangri-Las-låt før den harvar av garde i 120. Fin rockabillyinspirert punkpop.

Har du lest så langt som dette skjøner du at eg elskar denne plata, ho skulle i utgangspunktet stå i fare for å drukne i dragsuget frå dei to andre utgjevingane frå House Of Rock. Det gjør den jo heilt tydeleg ikkje, Moss, Noreg og powerbubblegumpopen har fått eit heilt glimrande tilskot.

Kan kjøpes her: House Of Rock

Artikkeltags