It’s time to kick ass and chew bubblegum II

Artikkelen er over 8 år gammel

SUGAR LOUISE ”Everything’s Better With Sugar”

DEL

Steike meg! Hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd at det var Morten Henriksen og The Yum Yums som var laus igjen. Det same hjernelause gitarauset. Tekstar til tider så stupide at dei er geniale (”U2 Sucks” stikk seg ut i så måte). Og melodiar så søte som nettopp sukker. Og akkurat det siste blir jo aldri feil. Det er jo difor vi høyrer på musikk. Dei gode melodiane.

No høyrer ein etter kvart forskjell på banda. Men kvalitetsmessig kjem ikkje trønderane så langt etter. Og som med mossingane, blir eg i særs godt humør av å høyre på den patenterte powerpopen. Ei blanding av Ramones og Beach Boys. Tidleg Green Day med melodiar. Eller som på ”Wastin’ Summertime” der dei nikkar til Rancid. Gode vokalprestasjonar og sylskarp koring.

Og om dette er gjort før, spelar ikkje det nokon rolle. Det er uansett ikkje så mange rundt om kring her som driv med det.

Ei fantastisk plate. Og då får eg heller tilgje dei har kreditert ”Henry VIII” til Herman’s Hermits. Denne låten er nemleg eldre enn som så. Akkurat litt over 100 år. Kjelde: Wikipedia Utan at det spelar nokon rolle. Det er ein fin versjon uansett.

Artikkeltags