Terningkast 5: HURRAY FOR THE RIFF RAFF

Artikkelen er over 5 år gammel

"My Dearest Darkest Neighbor"

DEL

I forbindelse med Kickstarter-kampanjen som resulterte i Alynda Lee Segarra og Hurray for the Riff Raff si glimrande ”Look Out Mama”, spelte dei inn ei samling coverversjonar eksklusivt for dette prosjektet. Alt levert i bandet si tilbakelende bluegrasstapping. Og med denne kvaliteten på både låtar og framføring, trengte ein ikkje være rakettforskar for å skjøne at denne samlinga ville kunne få ei skikkeleg utgjeving etter kvart. Og det er det This Is American Music no har gitt oss.

Blandinga av både kjente og mindre kjente låtar, gir deg ein fin innføring i både artisten og amerikansk songtradisjon. (Med to unntak på sistnemnde)

Dei to unntaka er dei låtane som er best kjende. ”Jealous Guy” av John Lennon og "My Sweet Lord" av George Harrison. Dei to minst typiske låtane her. Skulle ein tru. Men dei skil seg ikkje ut i den store samanhengen. Meir typiske låtar er ”Delta Momma Blues” av Townes Van Zandt, ”Black Jack Davey” av Carter Family, ”People Talkin'” av Lucinda Williams, ”River” av Joni Mitchell og "I'm So Lonesome I Could Cry" av Hank Williams Sr. Segarra har også tatt med ein av sine eigne låtar, "Cuckoo". Og at den ikkje skil seg ut frå resten av låtane her, er eit kvalitetsteikn i mi bok.

Lyden er autentisk og rimeleg primitiv, men den dekkar ikkje for den genuine kjenslevare råskapen som ligg i musikken og den fantastiske stemma til Alynda Lee Segarra.

Eigentleg ganske så fantastisk og eit fint kvileskjær medan vi ventar på nytt originalmateriale frå bandet.

Kjøp her

Artikkeltags