Terningkast 5: HUNGRY JOHN

Artikkelen er over 9 år gammel

«Bad Men Risin'»

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

HUNGRY JOHN treng sikkert ingen nærare presentasjon, han kan trygt kallast ein institusjon i norsk bluessamanheng, og han er no ute med ei ny plate, «Bad Men Risin'». Og dette er verkeleg «skikkeleg blues». Hungry John (eller John Magnar Bernes som han eigentleg heiter) har ei stemme som høyrest ut som den er behandla med svært grovt sandpapir. Songane han skriv er fulle av «blues-klisjear» utan at det gjer noko. Fylgjande verselinje kan vere eit godt døme: «You better shave your legs, babe, they look like boots to me». Alt i alt ei vellukka Hungry John-plate, med eit svært godt og samspelt band samansett av Atle Johannesen, Gunnar Bergstrøm og Aksel Fjera. Kanskje ein idé å få dei til Haavebua?

- Stig Reiakvam

Artikkeltags