At dette er ei debutplate er kanskje vanskeleg å skjøne når ein høyrer på ho.

Bandet slo første gongen gjennom på by:Larm i 2005 og har i lengre tid lova å komme med debutplata. Og etter to mislukka lanseringsfestar, dei hadde ikkje plata klar, kom ho ut for ei månads tid sia.

Som ei blanding av Arcade Fire, tidleg Springsteen og My Midnight Creeps med den gode melodien i høgsetet, leverer gutane med ei fortid i mellom anna BigBang, Seven og Xploding Plastix 10, sterke og varierte låtar.

Nils B. Kvam, som har jobba mykje med BigBang, og Frode Jacobsen, Madrugada, og produsent for den kommande stjerna Ingrid Olava, står for produksjonen her med stort hell.

Låten som skil seg sterkast ut her er singelen «Repeater». Den blei lista på P3 for nokre månader sia og har gått der jamt og trutt, men låtar som «Hospital Gown» og «Telephone» kjem ikkje langt etter.

Denne plata er nok eit bevis på at det skjer veldig mykje nytt og spennande på musikkfronten i Norge, sjølv om det er nok av dei som hevdar det motsette. Det som den norske, etablerte platebransjen ikkje tar tak i, ordnar undergrunnen opp i.