Vi dreg tilbake til 1967, til den vesle byen Woodstock nordaust i staten New York. Der var det på den tida eit garasjelignande rosa hus, på folkemunne kalla ”Big Pink”. I dette huset residerte 4 kanadiarar og ein sørstatsamerikanar. Dei hadde turnert i fleire år som backingbandet til Ronny Hawkins, og var kjende som ”The Hawks”. Dei var no i ferd med å re-etablere seg under namnet The Band. Dette fordi dei var hyra inn som musikarar for ein ikkje heilt ukjent ung mann som budde i nabolaget og kalla seg Bob Dylan. Han var på denne tida ”sjukemeld” etter ei motorsykkelulykke året før. Desse seks herrane møttest jamleg i kjellaren i ”Big Pink” til øvingar og musisering. Mykje av desse ”øvingane” blei tatt opp på lydband, men det var ikkje meininga at dette skulle ut på marknaden. Totalt 105 songar blei festa til tape. Kopiar av desse opptaka kom på avvegar, og var kjelde til nokre av dei første sokalla ”bootlegs” dvs u-offisielle / ulovlege piratplater.
I 1975 hadde Bob Dylan og plateselskapet Columbia sett seg leie på alle desse piratplatene med dårleg lyd, så dei bestemte seg for å gi ut ei ”offisiell” utgåve. Dette blei då den flotte samlinga ”The Basement Tapes” som inneheld totalt 24 av dei opphavlege innspelingane. (Ei sokalla ”må ha plate” for alle som er interessert i Bob Dylan og amerikansk ”folk-music”)
Flyttar vi oss 39 år fram i tid, til mai 2006, har ein litt eksentrisk New York-musikar, Howard Fishman, fått ideen om å framføre alle dei 105 ”Basement Tapes-songane” live i løpet av helga 26. – 28. mai. Staden er ”Joe’s Pub” i New York City, og som tilfelle var nesten 40 år tidlegare: konsertane vart festa til lydband. Heller ikkje denne gongen var det meininga at det skulle gjevast ut, men resultatet blei så bra at Fishman bestemte seg for å lage ein cd (og ein DVD) med 13 av songane. Utvalet av songar er ikkje heilt det same som på Dylan si plate, og Fishman har heller ikkje ”planka” Dylan og The Band sine versjonar. Han presenterer i staden heilt eigne, og til tider spanande arrangement av songane. For ein ihuga Dylan-tilhengjar som meg er dette fornøyelege saker, og er du litt over gjennomsnittet interessert i Dylan, bør du logge deg på www.howardfishman.com eller www.amazon.com og bestille plata der. Den er absolutt verd pengane.
- Stig Reiakvam