Terningkast 5: HOVERING ORVILLE

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

”Hello Hollow”

DEL

Tidlegare når eg har høyrt namnet Hovering Orville, frå Jæren, har eg tenkt på singer/songwriter og alternativ country. Det har sjølvsagt med ”Silverlines” å gjøre. Ei ganske grei beskriving av plata, som kom for fem år sidan.

Men den gongen var Birger Bekkeheien einaste medlem. No har han med seg Jostein Goa på bass og Tormod Aass på trommer. Og dette er noko heilt anna.

Det er ein heilt anna råskap og nærleik i lyden. Mykje meir direkte i andletet ditt. Med ein lyd som går 15 og 25 år attende. Grunge i dei råaste delane. Nærast lik Radiohead på dei rolegare og meir harmoniske partia. Radiohead medan dei for meg var relevante og interessante.

Plata kunne verke litt eindimensjonal og enkel ved første gjennomhøyring. Men ved gjentekne lyttingar stig detaljane og variasjonane frem. Sjølv om dette til å byrje med kan høyrast ganske rått og brutalt ut, finn eg det etter kvart melodiøst og flott. Spesielt låtar som "Pale Horse" og "Orbit/Nostalgia" er med på å dra denne plata ut av tåka og forlate den i dagslyset. Sistnemnde er elles platas mest eksperimentelle låt. Sjekk ut bakgrunnen for korleis låten blei som den blei på http://hoveringorville.com/.

Ei heilt gjennomført flott plate.

Artikkeltags