Gå til sidens hovedinnhold

Terningkast 5HOIST!

Artikkelen er over 8 år gammel

“Ami noir”

Eit band med to medlemmar med røter i Norddalsfjorden er ikkje kvardagskost. Alessandro, perkusjon og Daniel Elide, trommer, deltek i dette spanande prosjektet/ bandet. Dei har båe to tidlegare vore involvert i fleire band/plater. Fortrinnsvis innan metal-sjangeren. Utan at eg har kunnskap til å gå inn i detaljane på desse.

No er ikkje denne plata heller kvardagskost. Eg trudde med utgangspunkt i brørne frå Nordalsfjorden sin bakgrunn at vi snakka om metal. Det er det eigentleg forsvinnande lite av. Då er det lettare å ty til bandet si eiga beskriving av plata: Vakker galskap, overjordiske støyballadar, skitten mudderblues eller utfordrande jazzmetal med ein tøddel av punk. Og eit særs dynamisk samspel mellom vokalistane. Stian Leknes med si grove stemme og jazzsangerinne Marita Røstad med si vakre, men likevel kraftige stemme, skapar noko du ikkje høyrar kvar dag. Bandet har elles røter i band som Pelbo, Highasakite, Desperado og Manifest.

Her er enkelte innslag av metal, som til dømes på refrenget på opningslåten ”At First”. Men som resten av plata blir også denne dominert av det fine samspelet mellom vokalistane Leknes og Røstad. ”Splinters” får meg til å tenke på duetten til Nick Cave og Kylie Minogue. Ein tanke eg får fleire gongar undervegs. Denne låten har piano som hovudinstrument, og ein lang svevande gitarsolo. Etter kvart tilset dei blåseinstrument på ein særs effektiv måte. Litt meir bluesgitarorientert på ”Darkfriend”. Og assosiasjonar til Patti Smith. I ein duett med Tom Waits. Igjen så stig det eit blåseinstrument opp av godlyden, og skapar endå meir godlyd.

”Lost & Found” er varare i uttrykket. Med eit særs fint refreng. Og der ein verkeleg oppdagar at Elide ikkje slår trommar. Han spelar på dei. Blåsarane er tydelegare på ”Rosemary”. Men dei dominerar ikkje berre, dei understrekar. Men bruken av flugabone her er særs effektiv. ”Intermission” er eit kort mellomspel. Med piano og sakral koring . På ”No Medication Blues” tek det laus igjen. Vokalframføringa seier metal, men bruken av flugabone ståbass gjer at det blir noko heilt anna. Det er ikkje blues, for all del. Men rock med visse innslag av jazz. Uansett platas tøffaste og beste låt. ”Room 123” plasserar dei attende på balladesporet igjen. Og Tom Waits er knapt meir til stades enn her. Men han blir mjuka opp av Røstad si vakre vokal. Saman med Leknes leverer ho platas sterkaste songprestasjon. Dei fortset på same sporet på ”The Murders You Did Not Write”. Og denne gongen er vokalen gjennomgåande mindre aggressiv. Det er rett og slett hjarteskjerande nydeleg. Og her lar dei

både flugabone og tuba verkeleg komme til sin rett. ”Bleeding Neon” er platas mest bluesy låt. Rocka med rivande gitarar og innslag av jazz. Fin call and response vokal på versa. Nok ein ballade i ”Unchained”. Og sjølv om dei brukar noko som høyrest ut som plystring, held dei seg i god avstand frå å likne på Scorpions. (Det skulle tatt seg ut) Inderleg vokal frå båe vokalistane. Fin smakfull gitarsolo som avslutting.

”Time Has Come” avsluttar plata, og er ein ganske barokk låt. Sjølv om vokalane er metal. No fyrar dei laus nokre rivande gitarar mot slutten, men inntrykket ein sit igjen med etterpå er langt frå metal.

Dette er ei veldig bra plate, og for å være ærleg så overraska ho meg kraftig.