Terningkast 5: HIAWATA

Artikkelen er over 8 år gammel

”Backs To The Future”

DEL

Endeleg eit norsk band som ikkje er frå Moss som pirkar skikkelig i powerpop-sjangeren. For ikkje å seie grev. Om enn med eit større innslag av keyboards. Men vi slepp ikkje heilt unna Moss. Kenneth Ishak deltek med gitar og vokal på ein låt her.

Dette er det fem mann sterke Oslo-bandet si tredje plate. Og dei har denne gongen lagt seg opp til lyden til Weezer utan å kopiere noko som helst. Amerikanarane har dei siste åra gjort så mykje rart at eg eigentleg ikkje veit kvar eg har dei.

Hiawata derimot tullar ikkje rundt på nokon som helst måte. Vi får levert 12 låtar av høg kvalitet. Einaste flåsinga her er nokre låtar med norsk tale. Som passar fint inn i heilskapen her.

Singelen ”The Deep End” som blei sleppt i fjor vår opnar plata. Og står fram som ei blanding av Teenage Fanclub og Weezer. Berre endå meir pop. ”Buddah Of Surburbia” legg til eit lite element av surf i koringa. Tenk deg Beach Boys kryssa med nettopp Weezer. Noko vi får meir av på ”Atlantis”. Den nydeligaste armageddonsongen eg har høyrt i år. ”Detention” roar det tilsynelatande ned. Men eigentleg ikkje. Ei blanding av Electric Light Orchestra og Teenage Fanclub med tunge gitarar. Og med vokalhjelp frå Anne Lise Frøkedal frå Harrys Gym. Ho deltek også på ”Blood, Sweat & Tears”. Som ligg nært opp til Teenage Fanclub. Nydeleg låt med nesten overjordisk nydeleg melodi. ”High Five” er låten som ligg nærast Weezer. Tunge gitarar og fin koring med høg popkjensle. Og norsk tale på mellomspela. Indiepopstempelet er lett å sette på ”Blacks On Blondes”. Men den avvik ikkje så langt frå formelen på resten av plata. ”Sun” har med Kenneth Ishak på gitar og vokal. Og ligg ikkje så langt unna det han og Beezewax har gjort tidlegare. Ein meir stillfaren opning har ”Silver & Gold” fått. Men det går fort over. Teenage Fanclub med fuzz. ”Cut Offman” er låten som ligg nærast 90-talspunken. Ikkje ulikt Green Day før dei fann den reindyrka popformen sin. Og eit fint sidesteg. Meir Fannies med fuzz får vi på ”Misty”. Med store breie gitarar. Og alt for kort. ”Souls For Rainy Days” avsluttar plata og plasserar seg tidsmessig rundt ”Face The Music”-plata til Electric Light Orchestra. Men med eit trykk i gitarane som den gongen nok hadde jaga Jeff Lynne ut av studioet. Men uansett er det som alt anna her handverk av høg kvalitet.

No hadde ikkje eg tatt dette bandet særleg alvorleg tidlegare. Men denne plata gav meg ei real oppvakning.

Og eg skjønar at det er på tide å sjekke litt inn i fortida deira.

Ei glimrande plate!

Artikkeltags