Har du aldri høyrt om HGH seier du?

HGH stod opphavleg for Hagfors Gebhart Haugen, men sia Lars Håvard Haugen ikkje har vore med i bandet sia debuten har Martin Hagfors (Home Groan) og Håkon Gebhart Motorpsycho) latt den siste H-en betydd forskjellige ting på dei etterfølgjande utgjevingane. Denne gongen står den for Hello!

Men det er ikkje einaste endringa her. Etter 4 plater med det gruppa kalla Trash Grass, strengt tatt akustisk bluegrass, utvidar dei denne gongen instrumenteringa til dei gradar. Og ein av dei nye hjelparane er den før nemnde Lars Håvard Haugen, ein av tre Larsar. Dei to andre er Lars Lien og Lars Horntveth (Jaga Jazzist). I tillegg til ein del andre meir eller mindre kjende musikarar.

Vi snakkar faktisk om ei, sett i forhold til dei tidlegare rammene, radikal utvikling. Og ei særs positiv utvikling.

Frå å vere eit nokså eindimensjonalt bluegrassorkester har dei blitt eit countryrockband av høg kvalitet: country, alt. country, west-coast, gospel, Crosby, Stills, Nash & Young, The International Tussler Society, The Band, ja lista over referansar kan eigentleg halde fram i det uendelege.

Men gruppa har faktisk sitt eige særtrekk så lenge Martin Hagfors er vokalist, og uansett kor mange plater den mannen har gitt ut med Home Groan. Denne er for meg den beste han har vore involvert i. Låtane held ein særs høg kvalitet heile vegen, halvparten er skriven av Hagfors, den andre halvparten av Hagfors og Gebhart i fellesskap.

Dette er, for å sitere han Tor, glitrande!

I motsetnad til dei fleste andre norske band har dei gått frå platekontrakt i utlandet til kontrakt i Noreg med Bjørn Kulseth's NorskAmerikaner (Kor tid kjem det ein antologi med Act/Contenders, Bjørn?).

Høgdepunkt: "Afghanistan" (det er berre i Noreg eit countryband kan gje ut ei låt med den tittelen) og "Jumping To Conclusions".