Terningkast 5: HENNING KVITNES

Artikkelen er over 4 år gammel

”Jada, Vi Elsker...”

DEL

Ikkje akkurat ei plate eg gleda meg til med stor spaning. Eg veit kva som kjem. Traust (på ein god måte) poprock med norske tekstar, med Henning si umiskjennelege stemme på toppen. Og, ja det fungerer framleis godt. Det har ikkje alltid vore sånn. Hugsar framleis første gongen eg høyrte Henning på norsk. Det var via lydsporet til kalkunfilmen ”Hockeyfeber” i 1983. Der og då hadde eg ikkje noko ønske om nokosinne å høyre mannen på norsk igjen. Men ting endra seg heldigvis.

Og i 2014 fungerer konseptet utmerka. Henning har produsert saman med Freddy Holm. Som også deltek med sin bognande instrumentpark. Som vanleg med særs godt resultat. Og den treff oss umiddelbart i ”Der man elsker”, strykarar og gitarar i dei fleste valørar. Og flott orgel frå ein annan gammal kjenning, Jon Terje Rovedal. Ein mann du har høyrt meir av enn du er klar over. Og klassisk smart Kvitnes-opning på teksten.

”Du fikk mine værste år

Du ga meg dine beste”

”Friheten” leiar plata fint vidare utover side ein på vinylen, eit fint halvtempo anthem. Med god vokalhjelp frå Ida Jenshus. Og endeleg får eg sansen for nordlendingen. Det heile klikkar på plass når ho syng på morsmålet. Det fortset stødig på ”Det har du”. Etter ein tøff B3-opning vandrar han fint vidare med lægre tempo, men større tyngde. Og her har Holm plukka frem steelgitaren. I flott samspel med Rovedal sitt orgel. ”Rull meg hjem” har óg Rovedal i sentrum med piano i tillegg til orgelet. Og Holm vartar her opp med meir krydder i form av strykarar og steel. Ein flott ballade som tidvis tenderar mot gospel. Rett og slett nydeleg. Nesten like sakte på ”Nytt liv”. Men meir tyngde i kompet, spesielt i gitarane. Kraftig ballade, men ikkje powerballad, heldigvis.

Og då er det berre å flip the record og hive oss ut i side to. "Publikumsangen" opnar denne og er ein smart gjennomgang av dei mest kjende låtane til Kvitnes etter at han gjekk over til norsk. Men han nemnar og ”Postcards from Life” og Little Eden. Levert som ein slentrande countryvals. Han slentrar vidare på ”Hvem er alle andre” med hjelp frå Åge Aleksandersen. To artistar med langvarig gjensidig respekt for kvarandre. Åge spelte mellom anna konsert her i Florø heilt tidleg på 80-talet med Saturday Cowboys-sticker på gitaren. ”Sangen jeg aldri skrev” held tempoet nede. Nydeleg keyboarddominert lydebilete som tidlegare, med dobro frå Holm som ekstra krydder. Tempoet blir auka på "Opp fra veien ned". Den første låten som blei slept frå plata. Som kunne få ein til å tru at plata var livlegare og meir rocka. Men den fungerer bra her som variasjonsskapar. Under vår velstands tre" tar det heilt ned og avsluttar plata. Akustisk gitar, strykeensemble , strykebass, piano og Ida Jenshus sin nydelege vokal i samsang med Henning. Ei nydeleg, var avslutting.

Årets utgåve av Henning leverer som sagt ikkje noko nytt. Berre den kvaliteten vi har blitt vande med frå den kanten. Med bidraga frå Holm og Rovedal som høgdepunkt.

Artikkeltags