Terningkast 5: HELLDORADO

Artikkelen er over 6 år gammel

”Bones In The Closet”

DEL

Helldorado fornektar seg ikkje, dei fortset triumfferda frå "Sinful Soul" som kom i 2009. Og då nektar dei heller ikkje meg opplevinga av ei særs sterk plate. For det er det bandets femte plate er.

Dei fortel sjølve i det vedlagte presseskrivet at dei har utvikla seg sidan førre plata. Dei har mellom anna kutta ut all bruk av strykarar. Kan hende det, men eg høyrer eigentleg ikkje forskjell. Grunnfjellet med dei giftige gitarane, Dag Sindre Vagle sin lett maniske vokal og mykje bruk av mariachi-blåsarar, held det trygt inni båsen til det umiskjennelege Helldorado-soundet.

Dei går rett i strupen på oss med "Gallow´s Bird". Tøff surfrock med hissige blåsarar og desperat vokal. Ein låt verdig eit Tarantino-soundtrack.

"Misery and Woe" endrar på takt og stemning. Det blir med eitt mørkare. Framleis minner det om filmmusikk. Men denne gongen om mørke regnfulle bakgatar. Blåsarane er framleis til stades, men både dei gitarane og vokalen er meir illevarslande. Og bruken av piano sørgjer for at stemninga endrar seg. Ein skakkøyrt mutert vals.

Dei snur seg igjen rundt på "Dead World". No er det 60-tals garasjerock som gjeld. Og låten hadde glidd rett inn på den legendariske samleplata ”Nuggets” utan at du hadde reagert. I alle fall på 4-CDers-utgåva. Glimrande orgel og utagerande vokal.

"John McMiller" er det eg vil kalle klassisk Helldorado. Ganske intens gitardriven rock, med folkrock i botnen. Kraftig koring på refrenga og ein meir jazzinspirert trompet. Om nokon nokosinne skulle finne på å samanlikne dei med Madrugada, viser dei her at dei her at dei er meir intense enn før nemnde band nokon gong var.

Dei høyrest nesten funky ut i byrjinga på "Please Come Back. Men dei endar etter kvart opp i ei rytme som er ei blanding av Bo Diddley og garasjerock. Med illevarslande blåsarar i botnen.

På "Times of Trial" minner dei meg om Zager & Evans sin ”In Year 2525”. Ikkje melodien, men utføringa. Sjølvsagt nokre knepp tøffare. Det er nok blåsarane som gjer det.

"Bones In The Closet" tassar i veg i eit halvtempo med ein twangy gitar i teten. Tassande av stad i eit filmmusikklandskap. Denne gongen med varemerket til Morricone til stades. Og eit orgel og noko som høyrest ut som ei sag på mellomspelet. Med stadig tilbakevendande blåsarar. Særs stemningsfullt.

Det er meir garasjerockliknande på "Two Headed Horseman". Med buldrande tilbakehaldne vers som eksploderer på refrenga. Som ei litt danna utgåve av Cramps. Med hissige blåsarar på refrenga.

"´69 Camaro" tek seg ein tur på landevegen. For ikkje seie motorvegen. Som Turbonegro med vettet og kontrollen i behald. Platas raskaste låt.

Du finn nok ikkje "Lost Highway Motel" på noko kart. Og det er ikkje eit overnattingsetablissement du frivillig sjekkar inn på. Bandet gjev seg her ørkenrocken i vald. Og dei klarer å skape ein akkurat så guffen stemning i beskrivinga av staden som dei ønskjer.

"Johnny´s Song" avsluttar vinylversjonen av plata. Og her er dei like monumentale som Midnight Choir var på ”Amsterdam Stranded”. Frå det nakne pianoet i byrjinga. Vagle sin sjelfulle vokal. Oppbygginga med orgel og trompet. Slagverk og vrengt gitar. Og som formeleg eksploderer. Med platas mest monumentale vokalprestasjon. Til den rolege avrundinga. Og undervegs får vi levert ei beisk historie om konemishandling. Og hemn. Det ender ikkje spesielt bra for Johnny. Men det er platas beste låt.

Låten som avsluttar CDe´n og den digitale versjonen, ”Sixty Seconds to What?”, er ein instrumental. Denne og "Times of Trial" er dessverre ikkje med på vinylen. Men uansett, førstnemnde er som sagt ein instrumental og har filmsountrack-kvalitetar over seg. Liknande dei vi finn i musikken til Ennio Morricone. Og det er ei fin avslutting på årets Helldorado-plate.

Ei plate som inneheld dei kvalitetar ein etter kvart har lov å forvente frå Stavanger-bandet. Den er rett og slett helsikes bra!

Utgjeving 19.04.2013

Artikkeltags