Terningkast 5: HAVE GUN, WILL TRAVEL

Artikkelen er over 5 år gammel

"Fiction, Fact, or Folktale?"

DEL

Florida-bandet debuterer på selskapet This is American Music med si fjerde plate. Og bandets første plate på selskapet er for sikkerheits skuld berre den tredje selskapet også gir ut på vinyl.

Og vinyl er eit særs passande format for denne utgjevinga, den har slitt stiften på platespelaren min flittig siste månaden.

Musikalsk snakkar vi om ein skikkeleg smeltedigel innan americana-sjangeren. Folk, country, pop, rock. Alt saman miksa saman i ei herleg blanding.

"Standing at the End of the World" opnar med stampande føter og handclaps. Drivande akustiske gitarar. Og retningskifte inn i eit fengjande refreng. Refrenget skil seg også ut på "Trouble". Den også litt stakkato, med drivande gitarar, akustiske. "High Road" er framleis akustisk basert. Men med eit meir standard rockekomp, og standard oppbygging av låten som ein rockelåt. Med munnspel og blåsarar. Det er meir elektrisk og tyngre på "The Places". Folkrock i valsetakt. Med fin allsong og blåsarar mot slutten. "The Show Must Go On" er nærast hjartelandsrock. Med eit fengande riff som berande element. Og det svingar etter kvart ganske så heftig, sjølv kompet er bygd på akustiske instrument. Dei slepp laus ein elektrisk gitarsolo mot slutten av det som er platas lengste låt. Dei legg seg stakkato som i ”London Calling” på "Another Fine Mess". Og oppbygginga av låten kan minne om The Clash, berre akustisk. Med banjo. "Silver and the Age of Opulence" er attende i folkrockgata, med flott melodi. Mollstemd og eit trøorgel eller noko sånt i botnen. Dei hiv seg i meir klassisk country på "Finer Things". Med ei fele som held den akustiske låten på plass. Klassisk country som Guy Clark og Townes Van Zandt. "Fairweather" er meir mollstemd akustisk countryfolkrock. Med fin koring, mandolin og kontrabass. Men alle gode ting sluttar og det er på tide å sløkkje lyset, ta med seg Alice og gå heim. Og det er nettopp det dei gjer på den mollstemte avsluttingslåten "Take Me Home, Alice". Ein ganske roleg låt med flott orgel og banjo i samspel. Som etter kvart tonar vart ut. Som ei sol som sakte sig ned i havet.

Og om det skulle være noko tvil, nok ein flott utgjeving frå This is American Music.

Kjøp her:

Artikkeltags