Heilt sia eg høyrde «Self Destruction Blues» i 1982, har finnane hatt ein mjuk plass i bevisstheita mi, og eg er framleis Hanoi Rocks-fan. Dette er verken nyskapande eller lyrikkmessig særleg stor kunst. Dei læt framleis like fordømd pubertale som dei alltid har gjort, det høyrest litt feil ut når ein fyr på 45 syng om «Teenage Revolution», men likevel heilt rett. Den låten kunne vore tatt rett ut frå ei Sweet-plate. På dette som er gruppas tredje utgjeving sia comebacket i 2003, har dei kutta ut dei håplause forsøka på å modernisere musikken ved hjelp av kule hip-hop-produsentar. Dette er streit gitarbasert rock'n'roll heilt utan fiksfakseri, med klare referansar til Stones, Stooges og New York Dolls. Og om innpakninga er suveren, er ikkje låtane langt etter, høgdepunkta så langt er «Fashion» og «Powertrip».

PS. Nemnde eg at tekstane stort sett er visvas?