Terningkast 6: HALDEN ELECTRIC

Artikkelen er over 5 år gammel

”Women”

DEL

At eg ikkje har fått med Halden Electric før er litt merkeleg, men ikkje uvant. Det kjem heile tida så mykje nytt at eg sannsynlegvis har ignorert det. Endå merkelegare då sidan dette er Halden Electric sin tredje plate. Dei to første har eg ikkje fått høyrt på enno, det får eg ta igjen seinare. Denne har uansett fått kjørt seg i CD-spelaren den siste tida.

Halden Electric har naturleg nok sitt opphav i Halden (dei er oppkalla etter ein fyrstikkfabrikk der som brann ned i 1922) , og har eitt fast medlem. Låtskrivar, vokalist og gitarist Anders Svendsen.

Debuten, ”Grace Under Pressure” frå 2008, vart gjort heime hos Svendsen. Men frå og med ”Dignity” frå 2010 har superprodusent og multiinstrumentalist Freddy Holm, sete bak roret. Og han er over heile denne plata. Som produsent og på alt frå strengeinstrument til strykarar. Mannen har no etter kvart vært involvert i så mykje bra at det er lett å miste oversikta. Han har etter kvart plassert seg i same klasse som bykollegane Geir Sundstøl og Kai Andersen. Og har etter kvart opparbeida seg ein stor portefølje. Den inneheld namn som Cornflakes (Hans eige powerpopband frå 90-talet), El Corazòn, The Long Walk, Henning Kvitnes, Jack Stillwater, Onkel Tuka, Môra-Per, Vassendgutane og Hilde Heltberg. For å nemne noko.

Men uavhengig av kva han har gjort tidlegare, det skal godt gjerast å toppe årets Halden Electric-utgjeving.

”Women” er ein dobbel-CD. Med ei ganske så akustisk side og ei elektrisk. "Loving Comes To Life" opnar den første CD-plata, med fin mandolin og vokal. Og ruslar etter kvart fint i veg når resten av kompet kjem inn. Mellom anna med heilt suverent og smakfullt cello- og fiolinspel frå Holm. Og Svendsen syng flott allereie frå byrjinga. Dei har bytta ut strykarane med steelgitar frå Holm og trekkspel på "Always You". Litt høgare tempo, fint og avmålt slentrande. "Be For Real" gjeninnset strykarane, som bakteppe og tidvis som rytmeinstrument. Nydeleg. Dobro og mandolin i botn på "Everything You Love", med strykarar svevande over. Igjen slentrande og lettbeint. "Light Your Lantern" slår av lyset og roar heilt ned. Roleg og kjenslevart med flott korarrangement. Dei løftar seg litt opp på "Good Enough". Stort fyldig lydbilete, men utan trommer. "Annie Leaving" fortset den trenden, med ein nydeleg melodi. Igjen tonesett med trekkspel og steelgitar. Og dobro. Nydeleg og vart. Dei girar opp på "Move On". Høgre tempo og dobro i føringa. "I Don't Think It's Funny" er heilt nedpå att. Stort sett nakent og roleg. Men tidvis med ein synth eller noko, bråkande i botnen. Det er litt meir fart på "Something Less". Strykarar, piano og ein tydeleg mandolin. "True Love" avsluttar CD nummer ein. Ein roleg låt med piano, akustisk gitar og fiolin. Toppa med Svendsen si flotte stemme. Singer/songwritar-sjangeren innan americana-tradisjonen blir ikkje betre enn dette. Ein flott første halvdel av ei fantastisk plate.

Då er det andre bollar på CD nummer to. Ikkje kvalitetsmessig, men lyden er heilt annleis. "No More Love" opnar med flerrande gitarar. Med eit komp Led Zeppelin verdig. I ein kombinasjon med Neil Young på sitt råaste. Og det tydelegvis slutt på kjærleikserklæringane til kvinner. Enn så lenge. Lyden av Young er også til stades på "These Wounds". Tekstmessig også denne nokså bitter og sår. "I Don't Want To" er litt rolegare og avmålt

Fraseringane på vokalen liknar framleis på Neil Young. Men teksten er ikkje noko vennlegare stemt mot det motsette kjønn. Det inntrykket endrar seg ikkje på "See No Evil". Den er og tung og seig, men med rått, elektrisk felespel frå Holm. Denne gongen også med ein lang sugande gitarsolo. "All I Ever Needed" har også den elektriske fela til stades. Men låten er rolegare og meir harmonisk. Vegg til vegg-gitarane er tilbake på "How Much Attention". Like skranglete og forvrengt som Neil med Crazy Horse. Men samstundes med ein veldig god melodi i botnen. "Somewhere" fortset i same gata. Og "Good To Be Alone" endrar heller ikkje mykje på det. "Trust Your Love" avsluttar plata og på den litt rolegare låten er Svendsen klar for forsoning. Rolegare, ja. Men framleis intens understreka av litt aggressivt felespel undervegs. Også med eit flott orgel ein eller annan stad der inne.

Så ei plate i to aktar om kvinner, den eine ei hylling og den andre frå ein meir forsmådd ståstad. Men alt saman med ein låtkvalitet av ei anna verd. Pakka inn i to særs forskjellige lydbilete, begge like fantastiske. Og begge ein triumf for Svendsen og produsent Holm.

Artikkeltags