Her snakkar vi om lang oppladning til ei plateutgjeving. Singelen ”Where I Usually Go” kom ut første gongen i 2005. Og etter det berre tystnad. Til i år. Den ble sleppt igjen tidlegare i år og no kjem endeleg plata vi har venta på i snart åtte år. Ei plate som består av songar han har jobba med dei siste 10 åra. Hakan har også ei fortid på LIPA, den såkalla Paul McCartney-skulen i Liverpool. Og er i mine øyro den einaste norske plateartisten i tillegg til Rune Berg, som gir ut noko av høg verdi etter å ha gått der.

For det er det denne plata etter kvart har fått for meg; høg verdi. Den er av ein sånn kvalitet at den oppfyller alle dei forventningane eg har hatt til den.

Opninga ”Where I Usually Go” er berre ein av DEI låtane, munnspel, 12-strengs guitarar, brusande orgel og eit pianospel med ekko frå sjølvaste Roy Bittan. Litt sånn tøff i trynet som Henning Kvitnes var på dei to første engelskspråklege soloplatene sine. Og den første av ni tekstar som betyr noko. For dette er ein mann med mykje på hjartet og evna til å levere på sitt språk nummer to. Markussen verkar å være veldig komfortabel med det engelske språket. Det er både elegant og gjennomtenkt levert. Han fortel historier.

”The One I Love” bringar med sin akustiske gitar og munnspel tankane over til Townes Van Zandt. Ja, det er så bra. Nesten så ein ikkje trur det. Men tru det, dette er verkeleg.

Det same kompet som var på opningslåten dukkar opp att på ”Start Again”. Berre meir gitarar og utan tangentar. Men like suverent, kanskje med litt helling mot klassisk Graham Parker. Og startar opp igjen, er det karrieren hans har gjort no. Så til dei gradar.

”Riding The Dark Night” startar med eit 12-strengs gitarriff og orgel. Før den snik seg i gong. Og bygger seg opp mot refrenget. Som slepp laus melodien og orgelet som heile tida har helde litt igjen. Og nok ein gong ei fin historie frå Markussen.

Han oppheld seg framleis i fortida på ”Guys Like You And Me”. Ruslande inn i området til Steve Forbert. Og Bob Dylan, for den del. Rett og slett ein nydeleg kjærleikssong.

”She ain’t perfect

But she’s perfect for me”

Og det er no etter å ha høyrt denne plata utallege gongar, eg blir verkeleg overvelda over kor bra dette er. Platas høgdepunkt i all si inderlige intensitet; ”Susanna” oppheld seg i same området som forgjengaren. Berre litt raskare og med eit orgel som fyller ut og briljerer. Litt tidleg Springsteen og Elliott Murphy i tillegg til dei før nemnde referansane.

Trioen som avsluttar plata er heilt neddempa og startar med ”Returning”. Berre akustisk gitar dandert nok ein gong med det nydelege, smakfulle orgelet. Sjangeren flyttar seg nok ein gong over til Townes Van Zandt. Og heilt sant, det er så bra.

”Lost Years” fortset i same hjørnet av musikkverda. Men med ein ekstra akustisk gitar og harmonivokal. Og ein forsiktig bassgitar.

Han spart det varaste til slutt, ”The Track” er også langt nede. Men her kombinerer han alle elementa han har brukt tidlegare på plata. Trommer, orgel, piano og gitarar. Og eit nydeleg munnspel. Godt instrumentert, men likevel tandert og kjenslevart.

Og nettopp instrumenteringa på denne plata er noko av grunnen til at det er blitt så stort. Markussen sjølv trakterar akustisk gitar og munnspel, og leverar ein god, karakteristisk og lett gjenkjenneleg vokal. Rune Berg står for alt anna gitarspel og den nydelege produksjonen. Og Asbjørn Ribe spelar alt av tangentar. Når ein i tillegg ser på kven andre som spelar her, så ser det ut som The Margarets og Number Seven Deli til tider har stått opp att saman for å få ut denne plata. Men om dei har stått opp; står dei ikkje i vegen for artisten. Saman har dei levert ei Hakan Markussen-plate.