Terningkast 5: GUNNAR TOFT

Artikkelen er over 6 år gammel

”Tid”

DEL

Rogaland tok godt for seg under Spelemannsprisutdelinga 2012. Så det er tydeleg at sørvestfylket har levande og berekraftige artistar. Og som sine to medfylkingar, Tønes og Tom Roger Aadland, har han eit godt handlag med tekstane. Utan samanlikning elles. No skal ikkje eg påstå at Gunnar Toft kjem til å motta ein Spelemannspris, men det er ei fin debutplate han leverer.

Toft kjem frå Haugesund og er yngre bror av Helge og Jan Toft. Sistnemnde kjend frå Vamp, og førstnemnde som soloartist og medlem av bandet Månen. Med ein rad utgjevingar bak seg. Musikalsk oppheld han seg i eit lunt, trygt visepoplandskap. Som sagt med fine tekstar som toler å bli studert. Og som ikkje alltid er så lette og lyse. Eller varme.

”Tid” byrjar plata på ein lun, fin måte. Ein halvtempo låt med piano og orgel. Og mykje fint, krydrande gitarspel. Og ein tekst som mange kan kjenne seg igjen i. Har ikkje tid no, men vent til jul eller påske. Eller sommarferien. Då skal vi ta alt igjen.

Det er litt meir alvorleg på ”Noen”. Framleis like fint og harmonisk tonefølgje. Men beskrivinga av korleis eit lesbisk par blir behandla av bygdedyret er ikkje så god å høyre på. Men samstundes er det glimrande formidla.

”Min Bror” fortel at blod er tjukkare enn vatn. Uansett korleis ditt eige blod oppfører seg er det vanskeleg å ikkje kjenne på syskenkjærleiken. Musikalsk er den eit snev meir tak i.

Uansett kva ungane våre gjer og kva val dei tek, er temaet i ”Eg sko gjerna sett”. Og det er lett å kjenne seg igjen. Vi vil alle det beste for avkomma våre, men når alt kjem til alt må dei leve sine eigne liv. Vi må berre sitje på avstand og håpe at dei tek dei rette vala. Dess meir eg høyrer på tekstane på denne plata, dess meir likar eg dei. Denne låten er endå litt meir tak i musikalsk. Og spesielt bruk av saksofon løftar denne låten opp til platas beste.

”God Natt” er tatt heilt ned. Med piano som leiande instrument. Men det blir løfta opp mot slutten, då med mellom anna gjenhøyr med saksofonen. Og ein gripande tekst om ei mors bortgong. Ganske personleg, men ikkje privat.

Ein nærast elektronisk opning går over i sit slentrande jazzinspirert komp på ”E nok ein”. Platas kulaste låt fortel historia om han som blir misforstått og uglesett. Men som til slutt blir tatt inn att i varmen. Den slentrande innleiinga går etter kvart over i platas mest progressive låt.

”Tore” har platas morosamaste tekst. Tore sin utrettelege jakt på ei kvinne, endar opp med at han må slå seg til ro med ein oppblåsbar bestilt frå København. Låten levert i eit litt småfunky taffelpop-lydbilete er også fin.

Svik og bondeanger er temaet i ”Svikaren”. Det på overflata perfekte livet er ikkje nok for hovudpersonen. Tonesett sånn att han høyrest ut som Jørn Hoel i revers. Der Hoel brukar tangoinfluensar til å synge ut sin endelause kjærleik, syng Toft om det motsette. Den stikk ikkje så djupt likevel hjå eg-personen.

”Om ingenting” , som avsluttar plata, er ei fin ballade. Men å seie at den handlar om ingenting blir feil. Den handlar om kor fint det er det er å ha fri og du ikkje må gjere noko. Berre slappe av. Ei flott avslutting på ei flott plate.

Flotte plater får eg aldri nok av, Haugesund gir oss to denne månaden. Denne og nyutgjevinga av ”The Colors Turned Red”. Tilgjengeleg fysisk for fyrste gong på nærare 25 år. Tek vi med Kvelertak si plate og dei kommande platene til Helldorado og Olav Larsen, kan vi fastslå at 2013 ser ut til atter ein å bli eit godt år for pop og rock i Rogaland.

Utgjeving 19.04.2013

Artikkeltags