Terningkast 5: GOOD TIME CHARLIE

Artikkelen er over 5 år gammel

”Draumeblues og Blåsus”

DEL

Good Time Charlie følgjer i spora til Meg og Kammeraten Min, og Onkel Tuka. Og gir ut ei barneplate. Ei plate dei no tek ut på turne.

Der dei to før nemnde artistane har basert utgjevingane sine på originalmateriale, satsar Hjelmeland og kompani i halvparten av tilfella på coverversjonar av klassiske låtar. Med tekstar skrive Hjelmeland.

Fire av låtane er skrive av Huey P. Smith (rart dei ikkje har tatt med "Sea Cruise"), og tittelsporet ”Draumeblues og Blåsus” er ein versjon av ”Shakin’ All Over”. Sistnemnde har elles eit av tidenes beste gitarriff, her fint levert av Karlsen.

Så det dette kokar ned til er at dette ei moglegheit til å eksponere den oppveksande generasjonen for musikk av høg kvalitet. Rhythm and Blues har vel aldri vore meir barnevennleg enn på ”Oppatt på do”. Dette bør bli ein favoritt på konsertane. Og til liks med resten av tekstane til Hjelmeland er den av høg kvalitet.

I ei perfekt verd hadde låtane til Good Time Charlie, Onkel Tuka og Meg og Kammeraten Min vore pensum i alle barnehagar. Ein kan jo drøyme?

Artikkeltags