Terningkast 5: GOOD TIME CHARLIE

Artikkelen er over 7 år gammel

”Garage A Go-Go”

DEL

Good Time Charlie visar med si femte plate at dei kan stolast på. At dei er i stand til å levere varane som forventast av dei.

Steinar Karlsen spiller gitar på sin vanlege og autoritære måte. Det høyrast faktisk ut som at han leikar seg. Har det moro. Ein del av tinga her er over gjennomsnittet virtuost. Saman med soloplata frå tidlegare i år tydar dette på ein musikar full av overskot.

Og når Arle Hjelmeland syng betre enn nokon gong og har full kontroll på munnspelet, kan eg berre fastslå at Good Time Charlie har levert si til no beste plate.

Som på førre plata, og som tittelen tydar på, er det garasjerocksjangeren som gjeld. Men dei har ikkje gløymt rhythm and blues-røtene sine. Både det og soul finn ein igjen i fullt monn. Det som gir plata det litle ekstra er at produsent Yngve Sætre har fått leike seg litt meir med keyboardet sitt. Spesielt tivoliorgelet på ”Shine” er særs effektivt.

Men det som verkeleg køyrar denne plata heilt til topps er låtane. Karlsen og Hjelmeland har snekra saman karrierens sterkaste samling låtar. No er ikkje dette noko originalt eller nyskapande. Men handverket og utføringa gjør dette til eit produkt heilt i toppen av sjangeren.

Glimrande!

Artikkeltags