Terningkast 6: GENIALT!

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

TØNES ”Sån Av Salve”

DEL

Visepop er eit av dei minst positivt ladda orda eg veit om. Og plater innan sjangeren er av dei minst interessante som finnast. Ei meining som er heilt mi eiga, at andre meiner noko anna interesserer meg ikkje. Det er berre sånn det er.

Men Tønes spelar visepop. Og ”Sån Av Salve” er heilt genial. Det er det tre grunnar til. Først og fremst tekstane. Der ikkje alltid rim og rytme heng saman. Samstundes som det er grunnen til at dei heng saman. For det andre, banjoen til Erland Aasland. No har eg høyrt mange plater som Aasland deltek på. Men ikkje ei som dette. Banjoen tilfører plata ein heilt utanomjordisk dimensjon der den blir brukt. I tillegg spelar mannen mandolin, baritongitar, konsertina, synth, elektrisk gitar og korar. For det tredje, melodiane. Dei er særs fengjande heile vegen. Som ein naiv, meir melodiøs Stein Torleif Bjella. Naivismen til gigantane Jonathan Richman og Wreckless Eric. For å oppsummere kort, er dette det ein vanlegvis kallar visepop er eg Mahatma Gandhi.

Tønes, eller Frank Tønnesen som han heitar, kjem som oss alle frå bygda. I hans tilfelle Sokndal i Rogaland. Og er i følgje presseskrivet ein av landets beste låtskrivarar. Ein utsegn eg for ein gongs skuld kan støtte fullt ut. Og tekstane? Dei er faen meg betre enn litteratur.

"Eg går og legge meg" opnar plata og er tidenes beste godnattsong. Ein genial, eit ord som er lett å bruke i beskrivinga av denne plata, tilstandsrapport frå tida då det er på tide å tørne inn. Etter ei litt småelektrisk innleiing går banjoen rett i strupen på deg. Og fortset å kitle deg gjennom heile låten. Første smakebit frå plata. Ein låt eg har spilt nærare 80 gongar den siste tida. Med så høg slitestyrke at eg tykkjer den er like ny og spanande kvar gong eg høyrar den. Og det seiast at ein tekst som får deg til å le har tidsavgrensa verdi. At du sluttar å le etter 10 gongar. Eg tykkjer denne teksten er like hysterisk morosam framleis. Den slentrande opninga blir avløyst med litt meir fart i ”Fluene”. Framleis med banjoen i front. Men eit meir akustisk lydbilete. "Et Godt Aua" legg stort sett trommene til sides for ein stakka stund. Eit kjenslevart, varmt lydbilete. Med ein stilferdig elektrisk gitar, elekrisk lead og synth. Ikkje ulikt Thåström når han prøver å vere stillfaren. Og eit bevis på at Tønes også har ein god hand med kjærleikstekstar. Dette er kanskje den beste kjærleiksteksten eg har høyrt. Alt anna blir stort sett banalt i samanlikning. Bandet til Tønes har også ei god hand med lyden på denne plata, på "Mystisk Liv" er det lyden i orgelet som stikk seg ut. Ekkoet av tidleg Neil Young blir i tillegg helde på plass av pedal steel gitaren som flaumar over deg. "Det Skitna" er utan trommer. Stort sett akustisk. Folkrock med ein tekst som viser at han ikkje er så imponert over dei sosialpornografiske, tipsfylde forsidene til tabloidane. Litt røff 50-talscountry er melodisettinga til platas mest absurde låt, "Sånn Koga Eg". Der Tønes forklarar korleis han kokar. Du leste riktig, kokar. Vatn for eksempel. Nok ein heilt ufatteleg morosam tekst. "Reise Aleina" handlar om nettopp det. Beskriving av ein togtur. I eit laidback togtempo. Med ein nydeleg twangy elektrisk gitar som topping på store delar av låten. Pianoet, og stort sett berre det, tek føringa på ”Lyset”. Ein nydeleg ballade dandert med elektrisk gitar undervegs. "Min Venn" har kontrabassen i teten. Talking blues med fin pedal steel. Og eit nydeleg refreng som gjør at låten likevel ikkje ligg så nært bluesen. Eit eigentleg stort instrumentert lydbilete. Kampen om baderommet blir beskriven i counytrytakt på "Slutt og Riks". Ein hoggande banjo i hovudrolla, utan trommar. "Det Besta" senkar tempoet, igjen utan trommar. Ein nydeleg ballade der du trur at orgelet tek styringa. Heilt til banjoen brautar seg fram og set skapet på plass. For så å trekke seg attende. Vart og nydeleg mot det intense. Og så, som om noko kunne toppe alt det vi allereie har vore gjennom. Eg ser alltid fram mot avsluttinga på denne plata kvar gong eg høyrer ho, tittelsporet ”Sån av Salve”. Det er også den låten som gjev meg Wreckless Eric-assosiasjonar. Der det berande element er ein einsam elektrisk gitar. Ein ganske roleg låt som byggjar seg opp mot kvart refreng. Som er det sterkaste på plata. Og ein låt som etter kvart blir påkledd med meir og meir instrument. (joda banjoen dukkar opp her og. Og mandolinen). Utan at det er i nærleiken av å bli overlessa. Med eit nydeleg kor mot slutten.

Og når alt no er sagt og gjort er det berre ein ting å seie: KJØP DENNE PLATA!

Artikkeltags