Terningkast 5: GENERAL FORSAMLING

Artikkelen er over 5 år gammel

"Kjære Gud”

DEL

General Forsamling, eller Børre Bratland som han eigentleg heiter, er ute med si tredje utgjeving. Og sin andre EP.

Fram til no har det vore ganske mørkt i jærbuen sin verd. Det er det for så vidt enno, men utviklinga med meir instrumentering frå ”Heim Te Odland” held fram på årets utgjeving. Det heile starta i kjellaren til Generalen med berre stemme og gitar. Og var rimeleg nattsvart. Svartsjuk blues. No har han hyra inn Erlend Aasland på mellom anna banjo. Og det hjelp jo det, tilsynelatande. Men sanninga er den som nemnt over. Det har eigentleg ikkje forandra så mykje. Det er mørkt, mørkt, mørkt.

Største endringa er at eg ikkje oppfattar dette som reinspikka blues, eg føler han har gått meir mot ein annan mørkemann. Townes Van Zandt i den mørke utgåva. Og no skal ikkje eg påstå at han er på amerikanaren sitt nivå. Men det er ein sånn djupne og desperasjon i musikken her som er vanskeleg å oversjå. Det er rett og slett så sterkt og ekte, at eg blir påverka av å høyre på det.

”Kjære Gud” er countryfolkblues med munnspelsolo frå Generalen.. Og om melodien kan virke litt meir munter, forsvinn det inntrykket når Generalen byrjar å synge. Han gir ikkje ved dørene. Like lite på ”Morfinblues”. Meir countryblues med flott strenge- og orgelspel frå Aasland. ”Normale” fortset på same måten, men utan innblanding frå andre instrument. ”Pokalblues” er ikkje så mykje blues. Meir avdempa countryfolk. Med Aasland og strengane attende i folden. Countrypicking er ein stor del av ”Ein Lange Sang Om Livet”. Og er feiande flott. Men platas beste låt er også den kortaste. “I Stillhet Skal Æg Forgå” er marginalt lengre, avsluttingslåten er ein naken, oversett versjon av Justin Townes Earle sin ”Harvest River Blues”. Som passar fint inn her.

Og sjølvsagt er denne plata alt for kort. Men det er ei plate som gjer inntrykk på meg. Og om eg brukte litt tid på å gå ho under huda, så var det vel verdt det.

Artikkeltags