Terningkast 5: GARLAND JEFFREYS

Artikkelen er over 5 år gammel

”Truth Serum”

DEL

Om eg lurte på Jeffreys ville klare å følgje opp comeback-plata “The King of Inbetween” frå 2011 på ein anstendig måte, lurte eg ikkje lenge. Anstendig blir eit understatement. For dette er like friskt og flott som i 2011. Og til liks med forgjengaren tek det ikkje lang tid å få ho under huda.

I motsetning til forgjengaren sprikar den ikkje så veldig. Det er ingen kalkuner som ”Rock On”, men heller ingen så gjennomført kommersielle som ”I’m Alive”. Men gudbetre så mykje bra det er her.

Jeffreys konsentrerer seg også denne gongen litt om bluesen, og opninga "Truth Serum" set i så måte skapet på plass. Tungt munnspel og tunge gitarar. "Any Rain" endrar stemning og retning musikalsk. Westcoast med eit nydeleg orgel og flott sologitar. Han køyrer i gong "It's What I Am" som ein slentrande Bob Dylan-ballade. Og held seg der. Nydeleg låt, flott refreng. "Dragons To Slay" bekreftar at det er ingen Jeffreys-plate utan reggae. Og til liks med The Clash har han som ein i utgangspunktet ikkje-reggae-artist alltid beherska sjangeren. Ein flott låt med orgel og blåsarar. Litt meir uptempo og tradisjonelt på "Is This The Real World". Tidvis med Jeffreys flotte hulkande vokal. Eastcoastrock. Nydeleg orgel. "Ship Of Fools" er ikkje henta frå ein av dei ca. 75 kassettane med demomateriale som var utgangspunkt for denne plata. Den var opphavleg med på hans beste utgjeving frå 70-talet, "American Boy & Girl" frå 1979. Denne gongen gjort i ein heilt roleg versjon. Originalen skaut fart ganske kjapt. Her blir den helde nede. Og det nydelege trekkspelet får leike seg. Helde nede blir ikkje "Collide The Generations". Her slepp dei det meste laus. Kvernande el-gitarar og brusande orgel. Og eigentleg ikkje mykje til melodi. Men kan Iggy bråke på i ein alder av 66, kan Jeffreys gjøre det same i ein alder av 70. Jeffreys hadde kanskje behov for å høyrast litt ut som The Stooges. "Far Far Away" hankar det uansett fint inn att. Tempoet tas ned att og melodien er attende. Ein litt tung ballade. Vi var ikkje heilt ferdig med reggae, "Colorblind Love" er ei litt rolegare utgåve av sjangeren. Der Jeffreys si stemme er låtas finaste instrument med tremolo. Også flotte gitarar og orgel. "Revolution Of The Mind" avsluttar plata og dreg med seg reggaebeaten. Og tonar fint ut.

Hovudmusikar på plata er Larry Campbell. Og då tenker dei fleste på Bob Dylan, medlem av turnebandet i sju år. Men eg vil for alltid forbinde han med hans samarbeide med min annan flott New York-artist, Greg Trooper. Og ja, Jeffreys er sjølvsagt frå New York.

Årets beste plate frå ein 70-åring. Og betre enn dei fleste andre uavhengig av alder.

Artikkeltags