Terningkast 5: GARLAND JEFFREYS

Artikkelen er over 7 år gammel

“The King of Inbetween”

DEL

Det er få artistar eg har hatt eit så vedvarande og langt forhold til som Garland Jeffreys. Ein artist eg oppdaga med ”American Boy & Girl” 1979. Skaffa meg ”Ghost Writer” frå 1977 og ”One-Eyed Jack” frå 1978. (Disse tre platene blir omsider tilgjengeleg på CD frå det australske nyutgjevingsselskapet Raven.) Tre plater som rydda vegen for meisterverket ”Escape Artist” frå 1981. Alle saman i kryssingspunktet New York-rock, soul og reggae. No dabba det heile litt av med ”Guts For Love” frå 1982. Sjølv om den hadde sine solide høgdepunkt. No kom han kraftig attende med ”Don’t Call Me Buckwheat” ni år seinare. Nok ei plate som framleis står som ein påle. Han prøvde seg igjen i 1997 med ”Wildlife Dictionary”, men i mine øyrer feila han litt den gongen. Men no, 14 år seinare, har han endeleg funne tida for å levere ei plate som matchar det beste han har gjort tidlegare. Grunnen til fråværet hans var dottera Savannah. Han valde farsrolla i staden for artistlivet. Men no når ho er godt i gong med si eiga karriere, fann Garland ut at det var på tide å prøve igjen.

Og det er i alle fall eg glad for.

Singelen ”Coney Island Winter” som kom for ei lita tid tilbake viste at Jeffreys framleis har det i seg. Og at han hadde noko stort på gong. Ei fin reiseskildring som fortel om turen frå Coney Island til New York. Med bane. Med stopp på utvalde stasjoner. Og tilstandsrapport frå det store eplet. Levert på ein fin slentrande måte. ”I’m Alive” har vore ute før. På ei samleplate som kom for nokre år sidan. Utan at det spelar nokon rolle . Du har ikkje høyrt den før likevel. Ein låt som bringar tankane hen til klassikaren ”Escape Artist”. Klassisk rock som berre Garland Jeffreys gjør. På ”Streetwise” tonesett med ein fin blanding av reggae og soul kjem han med råd og formaningar til dottera Savannah. Som har følgt i farens fotspor som artist. ”The Contortionist” ligg i eit småfunky rocka skalandskap. Med Lou Reed i koret. Han tek reggaelinja heilt ut i ”All Around The World”. Og utvidar paletten endå litt. ”’Til John Lee Hooker Calls Me” dreg i så måte strikken endå lengre. Ut i frå tittelen skjønar ein lett kva sjanger vi snakkar om. Ein sjanger han ikkje gjør skam på. Og som er ei hylling til dei gamle meistarane. Noko som også kan seiast om ”Love Is Not A Cliche”. Sjølv om den ligg som ein blanding av slentrande rockabilly og klassisk Garland Jeffreys. ”Rock N Roll Music” byr på meir rhythm’n’blues. Framleis utan å skjemme seg ut. Før han igjen hiv seg ut i småfunky orientalsk reggae på ”The Beautiful Truth”. ”Roller Coaster Town” dreg skalinja heilt attende til 1979. Og Two-Tone-bølgja. Medan han framleis let det lyde heilt naturleg. Naturleg læt det også på ”In God’s Waiting Room”. Igjen i ein heilt ny retning. Nærast akustisk blues. Og platas mest morbide augeblink. Mr. Jeffreys på venterommet hjå Gud. Ein låt som kunne ha vore ei fin avslutning på plata. Men han let oss ikkje sleppe unna så lett. Denne plata sprikar i mange retningar og med ”Rock On” tek han ein ny. Garland goes Depeche Mode. Delvis i alle fall. Og eigentleg kunne han latt vere. For dette er platas minst interessante låt. Men for all del, vi tåler vel den.

Fordi alt som ligg før avsluttingslåten er alt som ein hadde lov til å håpe det var. Mannen har trass alt vore borte ein stund. Men han har likevel ikkje problem med å levere den standarden ein trass alt forventar frå mannen.

Artikkeltags