Dette bandet har faktisk størsteparten av Norges befolkning høyrt, dei er berre ikkje klar over det.
«Sink To The Bottom With You» frå 1997 var med på gjere Mozell til den slagaren den er blitt blant leskedrikkane i Norge, ved hjelp av ein fengjande låt og ein morosam reklame.
På si femte utgjeving held dei fram utan å forandre uttrykket sitt all verda, powerpop med innslag av country og soul. Kanskje med eit større innslag av eitt av forbilda, Jeff Lynne og Electric Light Orchestra.
Som på dei føregåande platene tryller bandeleiarane Adam Schlesinger og Chris Collingwood fram den eine popperla etter den andre, og eg må jo innrømme at eg ikkje hadde venta å høyre ein song som handla om ein Subaro («92 Subaro») med ein intro som hintar til «Born To Be Wild», ei sjølvmotseiing om eg nokon gong har høyrt ein. Trur dei har tunga godt ut i kjaken under denne låten.
Høgdepunkt: «Someone To Love» og «92 Subaru».