Dei tøffaste gutane i gata med Dave Grohl i spissen returnerer til velkjend terreng etter å ha lefla litt for mykje med eit akustisk lydbilete på dei to siste platene.
Sjølv om dei av og til også her rotar seg inn i det eg kallar akustisk Led Zeppelin-land (Led Zep er jo som kjend eit av dei verste banda nokosinne, det er vel alle einig i, eller?), men dei køyrer heldigvis vekk derifrå ganske raskt og brutalt.
Denne plata leverer med «The Pretender» og «Long Road To Ruin» nye bidrag til Foo Fighters tjukke klassikarkatalog.
Bandet som oppstod etter at Nirvana av naturlege årsaker la inn årene, debuterte i 1995 med «Foo Fighters».
No er det godt å høyre at karane er attende på same sporet som dei var på dei første platene. Fleire høgdepunkt på plata er «Erase/Replace» og «Cheer Up, Boys (Your Make Up Is Running