Terningkast 5: FINN COREN

Artikkelen er over 7 år gammel

”Mitt Hjerte - Dikt av Jens Bjørneboe”

DEL

Nok ein plateutgjeving frå Finn Coren det har tatt 8 år å ferdigstille. Den førre var med dikt av Olav H. Hauge . Denne gongen får vi 19 songar basert på dikt av Jens Bjørneboe. Pluss eit dikt av Bjørneboe sin fetter, André Bjerke.

Og som førre gongen er det tidvis stor spennvidde i musikken. Frå dei heilt nakne akustiske balladane, til dømes ”Likskjorten” og ”Gjensyn Med en Kjærlighet”. Monumentale rockelåtar, som ”Mea Maxima Culpa” og ”Ynglingen”. Til store balladar med strykekvartett som er i fleirtal, som og står for høgdepunkta her. Eg nemnar i fleng: ”Mitt Hjerte”, ”Rosa-Sangen”, ”Et Lite Kjærlighetsdikt”, ”Ischariot” og ”Vinter”. Til tyder så nydeleg at håra på armane reiser seg sånn at eg kan lage midtskil på dei.

Når ein veit kva problem denne mannen har opplevd dei siste åra, aukar berre det respekten for det han har levert av plater i same periode.

Også denne gongen har han med seg musikarar frå dei norske jazz, klassisk og rockemiljøa. Som saman med Coren har laga noko som nesten er eit monster av ei plate. Monster i positiv tyding. Og for sette ein spiss på det heile har han nytta lydopptak av Bjørneboe på to låtar.

I fantastisk plate!

Til tyder så nydeleg at håra på armane reiser seg sånn at eg kan lage midtskil på dei.

Artikkeltags