Den mest imponerande plateutgjevinga eg har sett på ei stund har tatt 8 år å ferdigstille, dobbel CD med 35 spor og tekstar av diktaren Olav H. Hauge.
Saman med 15 musikarar frå dei norske jazz, klassisk og rockemiljøa har han laga ei mildt sagt imponerande plate og skal eg trekke ei lettvint samanlikning kan eg seie at dette ikkje er heilt ulikt det Odd Nordstoga driv med. Riktig nok meir vinkla mot pop og rock, sjølv om eg tvilar på at dette har den same kommersielle gjennomslagskrafta.
Sunnmøringen Coren som har helde på i ei årrekkje har gitt ut plater sida 1989, mellom anna med tekstar av iren William Butler Yeats og briten William Blake, har aldri fått noko kommersielt gjennombrot. Og om han ikkje får det no heller har han i kvartfall fått eit kunstnarisk gjennombrot. Denne utgjevinga vil stå attende som ei av årets sterkaste norske utgjevingar. Det er også første gongen Coren på norsk, nynorsk for sikkerheits skuld, det gjør ikkje saken noko verre.