Plate nummer to frå Florida-bandet som blei noko av ein favoritt etter debuten som kom i fjor.

Til liks med den plata får vi her ei rad sterke låtar, gitarorientert, plassert i streit rock og pop med ein orientering mot powerpop.

Dei kan denne gongen verke noko tyngre i lyden utan at det går ut over dynamikken, dei tar også i bruk blåsarar på nokre av låtane. Som også fører til betre variasjon og dynamikk.

Bandet sin leiar, Roger Houdaille, er involvert som komponist på alle låtar så nær som ein.

Og som førre gongen har han lånt frå andre komponistar, og som då klarer eg ikkje no heller å sette fingeren på kvar. Om det kan kallast tjuveri skal eg ikkje påstå, men det er elegant utført. Dei gode låtane kjem trillande, eg nemner i fleng: "Jet Lag", "Smashing Time", "Mind Down" og "Turn Left". Og denne gongen har eg funnet noko som dette minner meg om, ein favoritt frå 80-talet, Atlanta-bandet The Swimmingpool Q's. Men det gjør deg nok ikkje noko klokare. Men begge er uansett to glimrande band.

Anbefalast!