Terningkast 5: EVIG DIN FOR ALlTID

Artikkelen er over 5 år gammel

”Evig Din For Alltid”

DEL

Dette er er det eg kallar ei super-supergruppe. Frank Hammersland (Pogo Pops, Popium), Petter Folkedal (Sgt. Petter), Piddi Fjeldstad (Pompel & The Pilts, Syk Pike) og Harald Frode Unneland (Savoy, Unge Frustrerte Menn, Pompel & The Pilts, Chocolate Overdose, Popium). Legg til at Yngve Leidulv Sætre (Barbie Bones, Popium) har produsert, så har vi samla alt som gjorde Bergen til, om ikkje rockehovudstad, men eit kraftsenter innan norsk pop og rock på 90-talet og utover.

Alle bidreg med låtar og vokal. Og dei tre mest profilerte er lett gjenkjenneleg. Hammersland har med "Sukkerspinn og Lykkehjul", "Nygårdsbroen" og "Rundtomkring og Ingensteds". Tre låtar som er umiskjenneleg han. Suverene poplåtar der orda ikkje har anna funksjon enn å støtte opp under dei suverene melodiane. Då er Unneland litt djupare i tekstene på "Den Som Venter" og "E Du En Sånn?". Musikalsk ligg han tettare opptil indierocken til Chocolate Overdose. Flott er det okke som. Folkedal er seg sjølv lik, dette er Sgt. Petter på norsk. Tekstane på "Herremannfobi" og "Dovenpeis" er bra. Og teksten på førstnemnde beskriv ein i overkant slesk og ubehageleg person. Men den personen eg gledde meg mest til å høyre var Piddi Fjelstad. Han har så vidt eg veit ikkje gitt ut noko plate sidan plata med Syk Pike i 2004. Og han innfrir og leverer dei mest varierte bidraga på plata. "Gutten i Røyken" har eit Neil Young 70-talskomp. Og tekstane til Fjeldstad er platas tyngste og beste. Det ligg ein eim av Pompel & The Pilts over "En God Grunn". "Bedøvelse" byrjar rolegare og meir ettertenksamt. Med ein banjo godt plassert. Men bringar etter kvart fram att dyret i Fjeldstad.

Dette er blitt ei veldig flott plate. Og der mange supergrupper feilar, lykkast Evig Din For Alltid fullt ut.

PS. Mykje historie her, Evig Din For Alltid er namnet på ein episode av TV-serien Fleksnes frå 1972. Og plateselselskapet Apollon Records gir ut sin første plate siden 1983 (Trur eg). Plata er også ute på vinyl i 300 eksemplarer.

Artikkeltags