Terningkast 5: ENDRE OLSEN & THE LANDMARKS

Artikkelen er over 5 år gammel

”Endre Olsen & The Landmarks”

DEL

Den eigentlege debutplata til Endre Olsen er ei blanding av plata ”Winnetou” av Angry Wasp, og EPen ”Lenge si’ i går” frå tidlegare i år. Smart poprock med eitt snev av country.

Innspelt og produsert av Tommy Haltbakk (The Royalties) i hans Plattenslager Studio. Haltbakk deltek også på gitar og keyboards.

Det byrjar etter kvart storslått med "Some Kind Of Letting Go". Halvtempo poprock, litt britisk i stilen. Majestetiske keyboards og flott gitar. "Landmarks" fortset i poplandskapet. Litt 80-tals med ekko av a-ha og Squeeze. Men dei akustiske gitarane held det på den rette sida av gjerdet. Flott rivande gitarsolo mot slutten. Det blir litt tyngre på "The Risk And The Blame". Igjen ganske så majestetisk. Litt Crowded House. Med ein flott melodi. "Cause Me To Dwell" byr på nye taktar. Og banjo. Nok ein gong kjenner eg igjen stemninga til bandet frå New Zealand. Og igjen er det flott. Flott er også "Songs That Lost The War". Litt høgare tempo. Og mykje fengjande detaljar. "Godless Hour" byr på eit tungt piano. Og syra gitar. Lågare tempo. Men tyngre og meir intenst. Og storslagen melodi. Det blir meir countryliknande på "Branwell". Mykje grunna bruken av banjo. Men dett bli med eit lite snev av country. Vi snakkar framleis om smart poprock. "Mask Of A Home" slepp laus Mari Persen og strykarane hennar. Eit flott riff. På ein låt som nok ein gong minnar meg om Neil Finn og kompani. Det gjeld også "W.W.M.E.D". (OK, det blir mykje masing om Crowded House her. Men i mi bok blir det eit kompliment.) Lyden her får meg i tillegg til å tenke på Jeff Lynne og Electric Light Orchestra. "Stain Like Blood" avsluttar plata.

Og plata sluttar som den byrjar. Ei roleg ballade utan trommer før treminuttersmerket. Men låten byggjar seg sakte opp til eit klimaks mot slutten. (Hmm ?) Og om det stort sett manglar trommer, er det mykje andre instrument her.

Endre Olsen har utvikla seg flott sidan ”Winnetou” i 2011. Og viser her at han er ein artist med mange fasettar. Dette er rett og slett ei knallsterk plate.

Artikkeltags