Terningkast 5: EMANCER

Artikkelen er over 10 år gammel

"Twilight and Randomness"

DEL

Black metal er vel omtrent den einaste musikkforma som framleis er stand til å opprøre dei store massane, det ligg noko svart og farleg bakom. Mykje grunna alt spetakkelet i og rundt sjangeren på byrjinga av 90-talet med drap og kyrkjebrenningar.

Men når alt kjem til alt, trur eg at dei fleste innan miljøet i dag er like ”normale” som alle andre. Og det er kanskje like greitt når det no viser seg at vokalisten i Emancer, GORBAG, faktisk er busett her i Florø. Bandet har sitt utspring i Luster i Sogn. Denne plata er bandets femte og er gjeve ut på eit tsjekkisk plateselskap.

Men når eg set på plata stussar eg litt. Dei kallar dette Black Metal, progressiv riktignok, men dette liknar ikkje så mykje av det eg har høyrt tidlegare innan sjangeren. Dette er faktisk tidvis særs variert. No skal eg ikkje påstå at dette er nynnbart, men den smakfulle forsiktige bruken av keyboards på dei fleste låtane er særs effektiv. Enkelte parti på fleire låtar bringar også til tider tankane til Metallica i det melodiøse hjørnet. Variasjonen er med andre ord stor.

Men for all del, om det er Black Metal du er ute etter, finn du det i fullt monn her. Og tekstane er sånn dei skal vere, mørke, pessimisme og storslagne visjonar.

http://www.myspace.com/emancer

Artikkeltags