Terningkast 5: ELLEN FOLEY

Artikkelen er over 5 år gammel

”About Time”

DEL

Lurer på kvar denne dama har vore i 30 år. For det er faktisk 30 år sidan ”Another Breath” kom ut. Og sidan det, stille.

Ellen Foley fekk sitt gjennombrot på låten "Paradise by the dashboard Light" saman med Meat Loaf. På sistnemndes ”Bat Out Of Hell” frå 1977. Den første plata hennar "Night Out". kom ut i 1979. Produsert av Ian Hunter og Mick Ronson. Men blei berre ein måteleg suksess. Det same gjaldt "Spirit of St. Louis" frå 1981. Og akkurat det var litt merkeleg. Plata var produsert av Foley sin dåverande kjæraste, Mick Jones frå The Clash. Og The Clash sto for spelinga på plata. Med tanke på The Clash sin status den gongen, skulle ein tru at den skulle gått betre. Ho laga ei plate til, "Another Breath", i 1983. Men her spora ho for meg heilt av, og plata er nok ganske så datert i dag. Sjølv om den hadde ein del gode låtar. Etter dette blei profilen litt lågare. Ho har drive litt som musikar og skodespelar. Samt på 2000-talet, som songlærar. Og då spolar vi raskt fram til 2013. Her er ho plutseleg meir aktuell enn nokon gong. For meg i kvart fall. For trur du ikkje ho har med seg andre kjenningar, og?

Mannen som har skrive dei fleste låtane her heitar Paul Foglino. Medlem av det glimrande 90-tals-altcountrybandet 5 Chinese Brothers. Nokre skrivne saman med Foley sjølv. Og ein låt av Randy Newman, ”Guilty”.

Produsert har Eric Ambel gjort. Og Del-Lords gitaristen byrjar etter kvart å få ein ganske stor portofolio innan yrket. Her har han til dels samarbeidd med Mark Ettinger. Og dei to er også ein del av det glimrande bandet som deltek på plata.

Musikalsk har ho denne gongen gått i den retninga Ambel etter kvart har blitt ein eksponent for: Americana. Med ei dreiing mot blues.

Og sanneleg er det godt å ha ho tilbake. Stemma er framleis like sterk og lett gjenkjenneleg. Og låtane er av gjennomgåande høg kvalitet. Og det seier jo litt når låten til Newman ikkje er platas høgdepunkt. For meg er det mellom anna Stones-pastisjen "Carry On Partys Over" og den fine avsluttande balladen "Everythings Gonna Be Alright". Men når det er sagt, finnast det ikkje nokre overflødige låtar her.

Bandcamp

Artikkeltags