Terningkast 5: ELIAS AKSELSEN

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

"Sanger jeg har møtt"

DEL

Når eg set på denne plata trur eg at eg høyrer på Ønskekonserten i hine hårde dagar. Eg innbillar meg at "Barnatro" var ein gjengangar der. Ein gong for lenge, lenge, lenge, lenge, lenge sidan når eg høyrde på Ønskekonserten. Det hende ein sjeldan gong at det blei spelt ein poprocklåt eller to. Og no kjenner eg at eg føler meg litt gammal, men uansett: Akselsen sin versjon av songen her er uansett den beste eg har høyrt. Historia om låten i det vedlagde tekstheftet og teksten gjer også til at denne låten for første gong gir meg meining.

Og akkurat det med å inkludere tekstane og historiene om låtane, er med på å gi denne utgjevinga ein heilt anna dimensjon enn den ville ha hatt utan. Den gir innblikk i ein sjanger og tradisjon i alle fall eg visste lite om.

På årets plate syng han kjende både norske og svenske viser, nokre religiøse klassikarar, mange som har vore brukt rundt bålet gjennom generasjonar i den gudfryktige slekta.

Akselsen, 65, er oldebarn av taterkongen Stor-Johan, i si tid “åndeleg” leiar for store delar av romanifolket i Noreg. Ein minoritet som i det norske storsamfunnet har vore forsøkt utradert. Ved samarbeid i lang tid mellom kyrkje, forskarar og politiske myndigheiter. Dette har sjølvsagt ført til mykje sorg og liding. Noko ein finn igjen i Akselsen sin song.

"En enkel sang om frihet" er ein oversett slager av smørsongaren Bobby Darin, meir glad og oppløftande. Mykje grunna den fine innpakkinga låten har fått. På "Minns du den sommar?" syng han sånn at ein får gåsehud. Nok ein flott oversett låt, her i duett med Guren Hagen. "Mot ukjent sted" har også amerikansk opphav, originalen er Ian Tyson sin ”Four Strong Winds”. Også kjend som låten som førte til Terje Rypdal sitt 60-talsband, The Vanguards, fall i unåde. Noko som i historias lys verkar ufatteleg. Den merkelege soga står i heftet. Alf Prøysen forandra på teksten til ”Frida Tusenfryd”. Noko som ikkje gjekk upåakta hen. Songen handlar om ei taterjente. Og Prøysen sitt samkvem med tatarane gav han problem. Nok ei soge frå heftet. "Riktige venner" er skriven av ein annan artist som ikkje alltid har vore like godt behandla av samfunnet, Håkon Banken. Men som trass dette og eigne problem aldri gav opp.

Men no føler eg ikkje behov for å skrive meir, du skjønar teikninga. Dette er ikkje det ein kallar allemannseige. No er ikkje eg ein religiøs person, så sånn sett gir i utgangspunktet ikkje tekstane her meg så mykje. Men måten Akselsen leverer på dette, klarer i alle fall ikkje eg å holde meg likegyldig til. Det er veldig sterkt. Det musikalske er det Freddy Holm som atter ein gong styrer med stødig hand. Han spelar det meste med strenger her, inkludert strykarane. Den andre suverene plata han er involvert i denne hausten.

Artikkeltags