Terningkast 5: EGIL SKRAM

Artikkelen er over 5 år gammel

”The Lawmen are Coming”

DEL

Endeleg ein artist frå det blide sørland som maktar å ta attende countrymusikk med inspirasjon av Elvis frå tulle- og søppelavdelinga. Det er etter kvart det eg assosierer med musikk innan denne sjangeren frå nemnde landsdel med.

Det einaste som skulle til var ein artist som ikkje akkurat har levd eit A4-liv, ein rad gode låtar, produsent og pedal steel-gitarist Hans Petter Gundersen. Sistnemnde har dei siste åra konsentrert seg om sitt fantastiske dronegitarprosjekt, The Last Hurrah!!

Men han viser her til gongs at han framleis veit korleis ein pedal steel skal behandlast. Og Gundersen tar i bruk alle knepa han kan for at dette ikkje skal låte gammaldags, men som han seier, årgangscountry. Det har han lukkast veldig godt med.

"It ain't Right" opnar plata med litt countryfunk. Meir mot Waylon Jennings og outlawcountry på "Humming All The Way Down" og "Good Things". Sistnemnde i tillegg litt småfunky og Elvis-inspirert. 70-tals Elvis. "Dooley Dawn" fortset i same løypa. Men også litt Tony Joe White- og Jim Ford-inspirert. Han går over i litt rockabilly-gospel på "Good Lord". "West Falls" er platas beste låt. Eit lite sidesteg, meir mollstemd, men same gode drivet. Og nydeleg vokal frå Skram. Meir uptempo country på "Two Miles Ahead". Nærast i singer songwritar-sjangeren. Utan eigentleg å skilje seg ut frå resten av plata. "Well and Pleased" er meir tradisjonell country. På reviret til Kristofferson og Jennings. Det gjeld også "Walking Out On Me". Men tidvis det næraste vi kjem ein ballade. "Dixie Stick" byr på meir rockabilly-gospel. Vi er ikkje nær ein ballade på "The Feel Of You", det er ein ballade. Ikkje eigentleg så veldig roleg, men kjenslevar og fin. Og nok ein veldig fin vokal frå Skram. "The Lawmen are Coming" avsluttar plata og går heim. Nok ein gong med 70-tals Elvis-inspirert countryfunk. Og no etter å ha høyrt gjennom plata slår det meg, eg har eigentleg ikkje blitt så imponert over ei norsk countryplate sidan Steinar Albrigtsen sin ”Alone Too Long” frå 1990. Dette er kanskje oppfølgjaren han aldri klarte å levere.

Ja, så bra er det.

Artikkeltags