Terningkast 5: DUEL IN THE SUN

Artikkelen er over 7 år gammel

”Duel in the Sun”

DEL

Men The Colors Turned Red var ikkje borte. Dei tok berre ein fem års pause. Og skifta namn. Det er eigentleg dei mest radikale endringane her. Musikalsk er det framleis like sterkt. Og grunnstammen med låtskrivar Haakon S. Larsen og vokalist Johnny Hazard er den same. I tillegg til at medlemmane undervegs har laga plater i og saman med mellom anna Skjelvekommode, Helldorado, Thom Hell og Erik Ruud. Musikalsk finn ein framleis tydelege spor av 80-talet. Som til dømes Prefab Sprout og Midnight Oil.

Men referansar eller ikkje, bandet klarar godt å fronte sitt eige uttrykk og stå på eigne bein. Det produktet dei leverar her står fjellstøtt. Med ein gjennomgåande høg kvalitet på låtane. Og ut i frå det eg skriv over skjønar ein enkelt at vi her snakkar om tidvis glimrande sofistikert poprock. Til tider med ein sånn godlyd at det er vanskeleg å ønskje seg meir. Ei plate som er eit samanhengande høgdepunkt med kremlåtar som til dømes ”Smile Again”, ”Missing Trains With Marianne” (ekko av The Kinks) og ”You Know What”. Rogalandsbandet som har tatt nemnet sitt frå ein etter sigande frykteleg dårleg film. Er det motsette, frykteleg bra!

Artikkeltags