No har ikkje Dag Tufte og kompani overraskingsmomentet dei hadde på debutplata frå 2007. Men det gjer ingenting. Dei er framleis like lett å like. Vindskeiv americana på norsk, til tider geniale tekstar og Tufte si svært karakteristiske stemme på toppen.
No verkar det som om bandet har blitt meir samspelt sidan sist. Det verkar ikkje som dei skal spore av heile tida. Grunnen er kanskje bruk av røynde musikarar. Dei har mellom anna fått hjelp frå multiinstrumentalist Erland Aasland. Så dei læt på ein måte litt ”tryggare” denne gongen. Og det er det einaste som er negativt her. For når det gjeld tekstane er dei like store som førre gongen. Det går mykje på drikking og problema det førar med seg. Livet i skogen og vandring på Grünerløkka. Tilbakevendande dameproblem, både for ho og han. Alt beskrive like godt. Så godt at tekstane godt kan nytast utan musikk i det vedlagte heftet. Nytt av året er at D&D har ein låt med nynorsk tekst. ”Den usynlege mannen III” er skriven og sunge av gitarist Knut A. Nygaard. Låten er ein oppfølgjar til dei to låtane med same namn på debutplata. Og er ein fin variasjon her. Men den mest outrerte teksten her er det Tufte som står for. ”Livet på Glattisen” er ei hylling (Trur eg?) til Sonja Henie. Og det å klare å komme på noko sånt som dette må kallast godt gjort.
Men alt i alt er alt her godt gjort, Drammensbandet leverar ei solid andreplate.