Disse gutane fornektar seg ikkje, sia debutplata som kom tidlegare i år (ei av årets beste) selde så dårleg så dei ikkje nokon annan utveg enn å gje ut ein julesingel. Og det må berre bli bra. Dei har tatt føre seg klassikarane "Jesus On The Mainnline", John Prine's "Christmas In Prison" og "Grandma Got Killed By A Reindeer". Og vokalist Dag Tufte har gjennom si oversetting/gjendiktining gitt dei den behandlinga dei fortenar.

"Jesus Sitter På Låven" er blasfemi av finaste sort med barnekor og det heile, "Julekveld I Fengselet" sett ord på korleis det er verkeleg følast å sakne si kjære og "Bestemor Ble Drept Av Et Reinsdyr" får ein ekstra snert når Tuftes lett snøvlete stemme leverar den lett hysteriske teksten. Alt levert glimrande med amerikansk rootsmusikk i botnen.

Kan kjøpast frå: www.drommereogdrankere.no