Terningkast 5: drivin’ n’ cryin’

Artikkelen er over 6 år gammel

”Songs From The Laundromat”

DEL

Det har kome så mykje bra musikk i sommar at eg nesten gløymde denne, uansett kor mykje eg høyrte på den og kor utruleg godt eg likte den.

Etter den fantastiske ”Whatever Happened To The Great American Bubble Factory” frå 2009, tidenes comeback, har eg venta på ei ny plate. I år får vi fire EP-ar.

På den første får vi ei oppsummering av bandets karriere, med nye låtar. Og den nye gitaristen Sadler Vaden med i besetninga.

”Dirty” er lagt i leiet då bandet spelte tung bluesinspirert rock. Som dei gjorde på ”Fly Me Courageous” og ”Smoke”. Dei held fram i same sporet på ”Ain’t Waitin’ On Tomorrow”. Kanskje litt meir funky. ”Rem” er ei hylling til kollegaene frå Athens, Georgia. Der dei går attende til lyden dei sjølve hadde på 1980-talet og som R.E.M. hadde på dei fire første platene. Tekstane er elles sett saman av låttekstar av Athens-bandet. Dei går tilbake til debuten ”Scarred But Smarter” på ”Baloney”. Og spelar punk i 30 sekund. Jaudå.

”Clean Up” er platas beste låtm og den einaste dei ikkje har laga sjølve. Det er det nederlendaren Tim Knol som har gjort. Ein låt i den klassiske folkpoprocktradisjonen som drivin’ n’ cryin’ beherskar så godt. Passeleg uptempo. Passeleg tung. Nydeleg vokal frå Kevn Kinney. Og formidabelt gitararbeid frå nyvervinga Sadler Vaden, endå ein gitarist som spelar det han skal spele - og ikkje meir. Han krydrar heile låten på ein nydeleg måte. Spesielt etter refrenga der han leverer nokre særs effektive riff.

Og då er det berre å glede seg til neste installament i serien. "Songs About Cars, Space & The Ramones" kjem 18. september. Den kan nok til liks med denne skaffast enklast på iTunes eller i fast form her: http://www.drivinncryin.com

Artikkeltags