Terningkast 6: DRIVE-BY TRUCKERS

Artikkelen er over 9 år gammel

”The Big To-Do”

DEL

Denne gjengen med Patterson Hood i spissen har sett ein standard som stort sett ingen, inkludert bandet sjølv, vil klare å matche. Men med tre svært forskjellige vokalistar og låtskrivarar, Patterson Hood, Mike Cooley og Shonna Tucker, klarer DriveBy Truckers med sin sørstats- og country-inspirerte rock det betre enn dei fleste.

”A Blessing And A Curse” frå 2006 og ”Brighter Than Creations Dark” frå 2008 var dei årets beste plater, fjoråret som i utgangspunktet kunne sjå ut som eit kvileår var jo ikkje det. Vi fekk då ”Potato Hole”, plata der dei var backingband til soullegenda Booker T., samlingsplata "The Fine Print (A Collection of Oddities and Rarities) 2003-2008", konsertplata ” Live From Austin TX” og ein soloplate frå Patterson Hood, "Murdering Oscar (And Other Love Songs)". 2010 kan sjå ut til å synleggjere endå meir av den store kreative krafta som ligg i dette bandet, dette er berre første plata som kjem i år. Gruppa spelte like godt inn 25 låtar til denne plata, 14 av dei får du her (13 på CD-utgåva). Resten kjem seinare i år.

Produsent på plata er David Barbe som har jobba saman med bandet sida rockeoperaen ”Southern Rock Opera” som kom i 2001 og han har som eg nemnar under sørgja for at Drive-By Truckers læt tyngre enn nokon gong (mykje innestengd energi som skulle ut?). Plata er spilt inn i Chase Park Transduction, Athens, Georgia, ein stad som etter kvart verkar å blitt gruppas husstudio. Brorparten av platene deira er spilt inn der.

Opninga ”Daddy Learned To Fly” viser at bandet denne gongen går tyngre til verks, gitarane piskar hardare enn nokon gong. Og Patterson Hood syng like skingrande og herleg som han alltid har gjort. ”The Fourth Night Of My Drinking” visar kva for landskap vi oppheld oss i, glitrande låtar om fyll og spetakkel frå den mørkare sida av samfunnet. No er denne låten tilsynelatande litt rolegare, men med den intensiteten som ligg i botnen på det Patterson Hood driv med finn ein fort ut at skinnet bedreg. På ”Birthday Boy” gjør Mike Cooley sin entre som vokalist og låtskrivar, og det blir ikkje noko lysare eller mindre tungt, for å seie det sånn. Kva ho dama i teksten har tenkt å gi bursdagsbarnet er ganske openbert. Patterson Hood tek igjen roret på ”Drag The Lake Charlie” og ”The Wig He Made Her Wear”, sistnemnde skil seg litt ut i takta i forhold til dei andre låtane her. Men det er framleis klassisk DBT.

Men når bassist Shonna Tucker leverer den første av to låtar, ”You Got Another”, blir det eit totalt stemningsskifte. Lys kvinneleg vokal tonefølgt hovudsakleg av eit piano. Ein nydeleg pust i bakken.

Men det går som vanleg fort over når Patterson Hood meldar sitt komme med ”This Fucking Job”. Nok ein gong med gitarane på elleve. Mike Cooley trykkjar tydelegvis det er for lite boogie woogie, ”Get Downtown” gjer noko med dette før mr. Hood dreg ned att tempoet med låten ”(I’m Gonna Be) I Told You So”, noko som gjer at ho leverer låtane som skil seg desidert mest ut. Og sørgjer for at plata faktisk blir litt variert. På ”Santa Fe” finn vi Patterson Hood i Dylan a la ”Like A Rolling Stone”-land. Onkel Patterson fortel også historia om ein litt uheldig sirkustrupp i ”The Flying Walendas. Og no så langt ut i plata er eg overbevist om at Drive-By Truckers har gjort det igjen. Kanskje det er banjoen som ligg og vakar i bakgrunnen, eller den soniske utblåsinga mot slutten. Eller?.

CDen blir avslutta av den nydelege ”Eyes Like Glue”, Mike Cooley iført akustisk gitar, el-piano og steelgitar. Og nok ein gong visar dei at dei kan gå frå det brutale overkøyrande til det gåsehudframkallanda i løpet av ei plate.

Vinylen har som sagt eit ekstra spor, ”Girls Who Smoke”. Det og den mildt sagt ekstravagante innpakninga med dobbel 180 grams vinyl, 52 siders (!) teksthefte, eit nummerert signert trykk av mannen bak coveret, CD og download av plata i MP3 og FLAC, gjør dette til den utgåva eg heilt klart ville ha skaffa meg. Det kan ikkje gjerast betre enn dette.

Artikkeltags