Terningkast 5: Dritdårleg!

Artikkelen er over 6 år gammel

MEG OG KAMMERATEN MIN ”Det Er Ikke Bra Før Det Er Dårlig”

DEL

Før du rekker å seie Knutsen og Ludvigsen dukkar Meg og Kammeraten min opp. Og dei er brørne Martin Hagfors og Håkon Gebhardt. Tidlegare kjent som artistane Martin Hagfors og Håkon Gebhardt. Frå mellom anna Home Groan, HGH og Motorpsycho.

Dei to har i fleire år turnert barnehagar og barneskuler med framsyninga ”Meg Og Kammeraten Min” om no endeleg er blitt plate. Og ut i frå kva eg skreiv skjønar du nok at dette i utgangspunktet er ei barneplate. Som eg stort sett skjer klar. Dei einaste barneplatene eg har i samlinga mi frå før er nokre med amerikanarane Jason Ringenberg og Dan Zanes. (Nei, eg har ikkje Knutsen og Ludvigsen. Skyt meg.) Eg likar stort sett plater laga for vaksne.

Men her må eg berre innrømme at eg blir sjarmert. Vel prøvar dei å være barnslege og naivistiske. Og ganske absurde til tider. Men det musikalske her er av høg klasse. Og ligg nærast til det karane driv med når dei kallar seg HGH. Ein slags vindskeiv countryrock.

Med seg på plata har dei ei rad meritterte musikarar. Mellom anna Lars Hornveth og Amund Maarud.

Dette er ei veldig bra plate. Men sidan det ikkje er bra før det er dårleg, får eg seie at dette er dritdårleg.

Artikkeltags