Terningkast 5: DORADO

Artikkelen er over 6 år gammel

"Anger, Hunger, Love and the Fear of Death"

DEL

This Is American Music (TIAM) fortset i 2013 der dei slapp i 2012. Med å gi ut glimrande plater. Og først ut er denne gjengen frå Birmingham, Alabama. Som til tider til forveksling kan minne om Through The Sparks (TTS). Grunnen er sjølvsagt at frontfigur og vokalist er felles i begge band. Den særeigne stemma til Jody Nelson er lett å kjenne igjen.

Men når det kjem til det musikalske, finn ein at det er ein del forskjellar. Dei kallar det difor TTS sitt alter ego, eller parallell univers-utgåva av bandet. For her føregår det mykje rart som ikkje har vore til stades på TTS sin de tidlegare plater. Eller som Chris Porter frå Some Dark Holler seier det: "Get ready for this. It's like Zevon's ghost and Nick Cave knife-fighting over which track on "Pet Sounds" they prefer to worship the dark lord to." Det er mørkare, tidvis svart. Støyande. Men også fint og harmonisk.

"Anger, Hunger, Love and the Fear of Death" opnar plata nesten illevarslande. Mørkt og syra. Dei normaliserer forholda litt på ”Molotovs” og er til forveksling lik TTS sin fine americanaindiepop. Men med ein litt skarpare kant i lyden. Og noko eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på. Uansett heilt glimrande. ”Second Hand Stories” opnar med eit fint munnspel som ligg ulande under heile vegen. Hjartelandsrock med bluessting. Sånn Tom Petty skulle ha gjort det om han hadde meint alvor med ”Mojo”. Poprock av det mørke slaget blir levert på ”Die Trying”. Også ganske nært opp til det TTS driv med. Med ein liten smak av støykaskadane som skal komme. ”Modern Man” er hakket lysare. Men eigentleg ikkje. Igjen ein fin poplåt med mørke undertonar. Lydlandskapet på "At a Bar Near the End of The World" er så mørkt som teksten tilseier. Ein fin slentrande pianodriven låt, som Elton John/Billy Joel frå den mørke sida. "Streets of Dorado" er tilsynelatande fin lys folkpop. Om du ikkje høyrar på den mørke teksten. Kontrastar. Folkpopen fortset på ”Wall Brains”. Denne gongen med ei fin fele som tonefølgje oppå det hoppande kompet. ”Mother” set ned foten og bringar mørket over oss. Mor veit best, vet du. Det er uansett ei støyande mor. Med lite melodi og stort sett berre støy. Ein kaskade. Så om ”Wheres My Girl” er ganske mørk blir den berre solskin i høve til forgjengaren. Noir-rock a la The Doors i slow motion. Med ein gitar som verkeleg vekker deg opp frå dvalen undervegs. Og med ein fin melodi. ”Temple of the Guiding Light” er meir seig, lettsvingande folkrock. Framleis på den mørke sida. På ”Black Buddha of The Onionverse” bevegar dei seg inn å territoriet til Nick Cave. Med tung bass, hakkande piano og eit forpint munnspel. Og meir snakking enn synging. ”Ape Of Dorado” er TTS i ein tyngre utgåve. Tungt og leikent. Kvar ”Deleted Scene” er fjerna frå veit eg ikkje. Den gjer meg uansett ikkje lyst til å høyre scenene som blei igjen. Berre bråk og lydsporet til ein sightseeing etter apokalypsen. ”Birds of Paradise” høyrest uansett lys og triveleg ut med ein sånn opptakt. Ein folkrockar på i overkant av to minutt. Med eit fint munnspel vakande i bakgrunnen. Og ein trass alt harmonisk avslutting på plata.

No skreiv eg i innleiinga at This Is American Music fortset med glimrande plater også i år. Dette er i så måte ei god opning. Det tar berre litt tid å bli van til "Anger, Hunger, Love and the Fear of Death". Den er til tider så sær at det held.

Kjøp her: DORADO "Anger, Hunger, Love and the Fear of Death"

Artikkeltags