Terningkast 3: DONKEYBOY

Artikkelen er over 9 år gammel

"Caught In A Life"

DEL

Etter ein glimrande singel, "Ambitions", og ein nesten glimrande, "Sometimes" er det no endeleg klart for eit heilt album.

Klarar drammensenrane å innfri forventningane?

No hadde ikkje eg nokre forventningar. At dei har levert to gode singlar med ei sterk 80-talsslagside har ikkje fått meg til å gå av skaftet og gleda meg til framhaldet. Og det var det heller inga grunn til, viser det seg.

Falsettsongen frå "Ambitions" er også tilstades på opninga "Stereolife", og den kan høyrast ut som eit forsøk på å gjenta suksessen frå førstnemnde. Utan heilt å lukkast.

"Ambitions", som følgjer, står framleis som ei påle og vil nok være med oss ei tid frametter.

Creation/Drama-tendensane blir litt for tydelege på "Awake" etter min smak, det blir noko som berre glir forbi utan å feste seg i nemneverdig grad. "Broke My Eyes" med sin lett stakkato trommemaskin kjem seg ikkje ut av 80-talet. Balladen "Sleep In Silence" er vel grei nok, her har vi noko a-ha ville gløymd igjen på demostadiet. Har sett nokre stadar at Donkeyboy har blitt kalla arvtakarane til a-ha, men då har dei framleis eit godt stykke å gå. Tittelen "Blade Running" fører tankane hen til Ridley Scott sin science fiction-klassikar. Musikken gjer det ikkje, ein lettgløymd uptempo-bagatell.

Dei tek seg inn igjen med singelen "Sometimes", ein av to grunnar til at nokre har trekt samanlikningartil før nemnde stjerner, nesten på "Ambitions" sitt nivå. Men berre nesten. Eg får Yazoo-assosiasjoner på versa her.

"Promise Kept" er litt betre, denne hadde nok a-ha tatt forbi demostadiet. "We Can’t Hide" er eurodisco frå 90-talet med popfeeling, heilt grei. Avslutninga (endeleg) "Caught In A Life" bringer på bana boybanda frå 90-talet, litt klamt føleri. Veit ikkje om vokalisten er nøgd med å være fanga i livet eller ikkje, men stor kunst er det ikkje. Om gruppa hadde gitt seg etter dei to første singlane hadde ettermælet deira i mine øyre vore betre enn etter denne plata.

Dette er popmusikk som i det store og heile ikkje engasjerer meg utover to gode singlar.

Artikkeltags