Terningkast 6: DIG DEEPER

Artikkelen er over 6 år gammel

”August Afternoon”

DEL

Bergensbandet Dig Deeper utnyttar vinylformatet til det fulle. Debutplata deira, EP’en ”Yet You Give Me ”The Blues)”, blei gitt ut på 10 tommars vinyl. Og no kjem ”August Afternoon” som LP-plate. Bandet har eksistert i forskjellige utgåver, med Einar Kaupang som einaste konstante medlem. Han er også mannen bak dei gode tekstane. Det er ikkje alltid norske band klarar om levere tekstar på engelsk, som eg finn interessante. Det gjør Kaupang.

Dei forventningane som EP’en, og låten ”Memphis” skapte, blir i aller høgste grad innfridd. No kallar dei musikken sin for alternativ country. Og Americana. Noko eg ikkje umiddelbart er fullstendig einig i. Eg tykkjer og dei ligg nær det som vart bra med 80-talet. Green On Red og Dream Syndicate. Sistnemnde rundt ”Out Of The Grey”. Og det som er finast med ”August Afternoon” er at den ikkje er så direkte fengjande som før nemnde låt (”Memphis”). Eg likar å spele plater til eg blir fanga. Eller går lei. Minst 20 gongar til å byrje med. Eg omgir meg med musikk heile tida. Og denne plata toler spelingar langt forbi 20-gongars merket. Og det er sjølvsagt av den grunn at plata ikkje er direkte fengjande. Men heile tida gjer deg løfte om at her er meir å hente. Sjølv om intensiteten tilsynelatande ikkje er like høg heile vegen, så er den det likevel. For dette er ei plate som veks og veks. Og avslørar nye nyansar gong på gong.

Bruken av piano og steelgitar. Og dei fine koringane sørgjer for god variasjon og stor dynamikk. For uansett kor mange gongar eg spelar plata, så oppdagar eg nye ting. Ho blir som ein god ven som stadig fortel deg nye ting. Og gir deg gode opplevingar. No er det ikkje alle som har same forholdet til musikk som meg. Eller same forbruket. Men stol på meg. Er du tolmodig med denne plata, blir du rikt løna. Som meg.

Høgdepunkt: Start med ”Memphis” og ta det derifrå. Heile plata er eit høgdepunkt.

Artikkeltags